Arthur Sundt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arthur Sundt
Fødd8. april 1899
Død19. august 1971
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling

Arthur Sundt (8. april 189919. august 1971) var ein norsk jurist og politikar frå Bergen. Han var stortingsrepresentant frå Bergen og for partiet Venstre i periodane 1945–49 og 1954–57.

Sundt var son til ein skipsførar. Etter han avla juridisk embetseksamen i 1921, var han dommarfullmektig i Sunnfjord 1922–24. Frå 1925 praktiserte han som advokat i Bergen, høgsterettsadvokat sidan 1935. I 1945-46 fungerte han som statsadvokat for Bergen og Hordaland. Til sist var han sorenskrivar i Midthordland frå 1957 til –66.

Sundt var medlem i Bergen bystyre 1929–41 og 1952–55, med sete i formannskapet frå 1932. Han var varaordførar i Bergen 1934–40 og i 1945 etter frigjeringa. Frå hausten 1945 representerte han Bergen Venstre på Stortinget til 1949 og på ny i valperioden 1954–57. Begge periodane var han nestformann i Utanriks- og konstitusjonskomitéen. Sundt var landsstyremedlem i Venstre 1946–62.

Av styreverv kan nemnast at Sundt var medlem i styret for Bergen kommunale kinomatografer frå 1931 til 1963, formann siste 11 åra. Han var også formann i Skattetakstkommisjonen for Bergen i lang tid, 1938-65, samt varaformann og seinare formann i styret for Norges kommunalbank frå 1935 til 1965, med unnatak for fleire av krigsåra. 1947-49 var Sundt viseformann i Den Norske Sakførerforening.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]