Artimus Pyle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Artimus Pyle

Pyle i 2011
Fødd15. juli 1948 (75 år)
FødestadLouisville, Kentucky i USA
FødenamnThomas Delmer Pyle
OpphavUSA
AktivSidan 1974
SjangerSouthern rock
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarLynyrd Skynyrd, Artimus Pyle Band
PlateselskapCleopatra[1]
Verka somMusikar, låtskrivar

Thomas Delmer «Artimus» Pyle (fødd 15. juli 1948) er ein USA-amerikansk musikar, mest kjend som trommeslagar i Lynyrd Skynyrd frå 1974 til 1977 og frå 1987 til 1991. Han og bandkollegaene hans i Lynyrd Skynyrd vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2006.[2][3]

Pyle kom me i Lynyrd Skynyrd i 1974 etter å ha ført spelt ved sida av, og så erstatta, den origniale trommeslagaren Bob Burns. Han overlevde flystyrten med flyet som førte heile bandet mellom to konsertar. Pyle vart hardt skadd, medan andre i bandet omkom. Bandet vart oppløyst etter styrten, og han byrja å spele i Rossington Collins Band med somme av dei tidlegare bandkollegaene, men Pyle måtte slutte etter han braut foten på 21 forskjellige stader etter ein kollisjon med ein fyllekøyrar. Pyle vart erstatta av Derek Hess..[4] I 1982 spelte Pyle med Artimus Pyle Band (A.P.B.).[5] I 1987 vart Lynyrd Skynyrd starta opp att og Pyle vart igjen ein del av bandet. Han slutta etter de første, nye innspelinga deira, Lynyrd Skynyrd 1991.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Lynyrd Skynyrd[endre | endre wikiteksten]

Artimus Pyle Band[endre | endre wikiteksten]

  • A.P.B. (1981)
  • Nightcaller (1983)
  • Live from Planet Earth (2000)
  • Artimus Venomus (2007)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Charlotte Dillon «Artimus Pyle - Biography» «AllMusic.com» Henta Oct. 30, 2017.
  2. Vrabel, Jeff. (29. november 2005). Rock the Hall Arkivert 2007-08-15 ved Wayback Machine. The Florida Times-Union. Henta 15. september 2018.
  3. Vrabel, Jeff. (29. november 2005) All who have played in the band won't be inducted Arkivert 2007-11-30 ved Wayback Machine. The Florida Times-Union. Henta 15. september 2018.
  4. Pyle, Artimus (October 17, 2017). Street Survivor: Keeping the Beat in Lynyrd Skynyrd. Backbeat Books. 
  5. «Lynyrd Skynyrd» The Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll (Simon & Schuster, 2001). Reprinted at rollingstone.com Arkivert 2009-05-08 ved Wayback Machine.. Henta 15. september 2018.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]