Artisten Mika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mika
Mika Cannes 2014.jpg
Verkeleg namn Michael Holbrook Penniman
Fødd 13. august 1983
Beirut i Libanon
Instrument Vokalist
Piano
Sjanger Glam rock, pop
Plateselskap Casablanca Records
Universal Music
Nettside Mikasound.com

Michael Holbrook Penniman, kjend som Mika (fødd 13. august 1983), er ein libanesisk-britisk songar og pianist. Han hadde sin fyrste suksess med låten «Grace Kelly» våren 2007. Albumdebuten Life in Cartoon Motion frå same året selde i over 5,6 milionar eksemplar og vann han ein Brit Award og ein Grammy-nominasjon. I 2009 gav han ut sitt andre album, The Boy Who Knew Too Much.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Michael Holbrook Penniman vart fødd i Beirut i Libanon med libanesisk mor og amerikansk far. Då han var eitt år gammal forlét familien det krigsramma landet og busette seg i Paris. Då han var ni flytta dei til London. Her var han elev ved den franske skulen Lycée Français Charles de Gaulle, men opplevde mobbing og sleit med dysleksi. Han fekk derfor heimeundervising i nokre månader før hab blei elev ved St Philip's School, der han leia skulekoret, og deretter Westminster School og Royal College of Music.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Life in Cartoon Motion (2007)
  • The Boy Who Knew Too Much (2009)
  • The Origin of Love (2012)
  • No Place in Heaven (2015)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Relax, Take It Easy» (2006)
  • «Life in Cartoon Motion» (2007)
  • «Grace Kelly» (2007)
  • «Lollipop» (2007)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.