Hopp til innhald

Artjom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om den russiske byen. For den russisk/ukrainske revolusjonære kjent som Artjom, sjå Fjodor Sergejev.
Artjom
Артём
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Primorskij kraj
Høgd 40 m
Areal 506 km²
Folketal 108 274 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1924
   Bystatus 1938
Postnummer 692750–692764
Retningsnummer (+7) 42337
Kart
Artjom
43°21′00″N 132°11′00″E / 43.35°N 132.18333333333°E / 43.35; 132.18333333333
Wikimedia Commons: Artyom

Artjom (russisk Артём) er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 40 km nord for Vladivostok.

Busetnaden vart grunnlagt i 1924 nær Zybunnijgruva. Han er kalla opp etter den kjend revolusjonære Artjom (F. A. Sergejev). Den 26. oktober 1938 fekk Artjom bystatus. Artjom består av tre tidlegare urbanliknande busetnader: Uglovoje, Zavodskoj og Artjomovskij.

Økonomi og næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Artjom har 29 industriføretak, der halvparten av desse er private. Av forbruksvarene som vert produsert i byen er møblar og porselen. Føretaka med flest tilsette er Primorskoje Gruveadministrasjon (3 500 tilsette) og Artjom-Mebel Møbelfabrikk (1 100 tilsette).

Kolgruvene har alltid vore grunnlaget for den lokale økonomien, men kolreservene er no praktisk talt uttømt. Utsiktene seier at transport vil vere den mest produktive industrien i byen i framtida.

Vladivostok internasjonale lufthamn ligg ved Artjom. I 1994 tente han 500 000 passasjerar, berre 28 % av kapasiteten. Det største jernbaneknutepunktet i Primorskij kraj ligg òg her. Årleg passerer 12 millionar tonn frakt gjennom Artjom til Vladivostok og 24 millionar tonn til Nakhodka.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Artjom