Arto Bryggare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arto Bryggare

Statsborgarskap Finland
Fødd 26. mai 1958 (65 år)
Kouvola
Yrke politikar, friidrettsutøvar
Språk finsk
Høgd 194 centimeter
Politisk parti Finlands sosialdemokratiske parti
Ektefelle Heike Drechsler
Nettstad http://www.bryggare.net/
Arto Bryggare på Commons

Arto Kalervo Bryggare (fødd 26. mai 1958) er ein finsk politikar og tidlegare friidrettsutøvar frå Kouvola som spesialiserte seg på 110 m hekk. Mellom 1978-86 vann han både VM- og EM-sølv, to EM-bronsar og eitt OL-sølv i øvinga. Tolv gongar vart han finsk meister på 110 m hekk, elleve av desse på rad. Han vann dessutan ein sølv og ein bronse i same øvinga, samt to sølvmedaljar på 100 m under finske meisterskap. Bestetida 13,35 frå 1984 er framleis finsk og nordisk rekord i 2013.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Bryggare var berre 17 år gammal då han fekk si fyrste finske meisterskapsmedalje på spesialøvinga 110 m hekk. Etter ein bronsemedalje i 1975, tok han eitt steg opp på sigerspallen i 1976, og ytterlegare eitt i 1977, då han vart finsk meister i øvinga, den fyrste av elleve på rad. Same året vart han junior-europameister på 110 meter hekk.

Året etter sprang Bryggare seg inn i verdseliten på distansen, og vann bronsemedaljen i friidretts-EM 1978 på den gode tida 13,56, finsk og nordisk rekord. Fire år seinare gjentok han prestasjonen i den neste europameisterskapen, då han vann ein ny bronsemedalje. I 1983 tok han sølvmedaljen i korthekkløp i det alle fyrste VM i friidrett, berre slått av Greg Foster frå USA. Han sette personleg rekord med 13,44 i semifinalane, den fjerde beste tida i verda det året.

Sommaren 1984 deltok han i sommar-OL 1984 i Los Angeles, og sette i eit forsøksheat personleg rekord på 110 m hekk med tida 13,35 sekundar. I finalen kom han i mål på tida 13,40, noko som gav han bronsemedaljen, USA-amerikanarane Roger Kingdom og Greg Foster sprang fortare. Med denne bronsemedaljen vart Bryggare historisk, ettersom han var den fyrste finske friidrettsutøvaren med meisterskapsmedalje på ein sprintdistanse.

I 1986 tok han medalje i sitt tredje EM på rad. Her vart han berre overgått av den sterke franskmannen Stéphane Caristan. Bryggare kvalifiserte seg også til finalen på 110 meter hekk under VM i friidrett 1987, men trekte seg grunna skade.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Medaljar i nasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • Finsk meister på 110 m hekk i perioden 1977 til -87 og i 1992.
  • Sølvmedalje på 110 m hekk i 1976 og på 100 m 1977 og 1979
  • Bronsemedalje på 110 m hekk i 1975

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Bryggare var i valperiodane 1995-99 og 2003-07 medlem av den finske riksdagen, der han representerte Sosialdemokratane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Arto Bryggare – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]