Arto Paasilinna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arto Paasilinna
Paasilinna 20071130.jpg
Fødd 20. april 1942
Kittilä
Død

15. oktober 2018
Esbo

Yrke skribent, lyrikar, journalist, romanforfattar
Språk finsk
Sjanger roman, dikt
Arto Paasilinna på Commons

Arto Tapio Paasilinna (fødd 20. april 1942 i Kittilä i Finland, død 15. oktober 2018) var ein finsk forfattar og journalist. Han var ein av dei mest populære forfattarane i heimlandet, men vann seg også mange lesarar i Europa, særleg i Frankrike og Tyskland. Til saman fekk han utgitt 35 romanar. Harens år frå 1975 er den mest suksessrike boka hans, ho er omsett til 24 språk, og er også filma.

Paasilinna sine forteljingar reflekterer eit heilt vanleg finsk daglegliv, ofte sett gjennom augo til ein middelaldrande mann. Dei er lettlesne, lette og humoristiske i stilen og kan omtalast som pikareske eventyrforteljingar med eit litt satirisk blikk på det moderne livet. Somme av bøkene hans kan omtalast som moderne mytar, ikkje minst Harens år.

Over ein lang periode kom det ei ny bok frå han årleg, og i Finland heitte det seg at ei ny Paasilinna var eit like sikkert haustteikn som at bjørkelauvet byrja dryse.

Paasilinna er bror til politikaren Reino Paasilinna og forfattaren Erno Paasilinna og forfattaren Mauri Paasilinna.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1972 – Operaatio Finlandia
  • 1974 – Paratiisisaaren vangit
  • 1975 – Jäniksen vuosi
På norsk: 2004 – Harens år, omsett av Nøste Kendzior
  • 1976 – Onnellinen mies
På norsk: 2004 – En lykkelig mann, omsett av Ellen Holm Stenersen
  • 1977 – Isoisää etsimässä
  • 1979 – Sotahevonen
  • 1980 – Herranen aika
  • 1981 – Ulvova mylläri
På norsk: 2006 – Den ulende mølleren, omsett av Nøste Kendzior
  • 1982 – Kultainen nousukas
  • 1983 – Hirtettyjen kettujen metsä
På norsk: 2006 – De hengte revenes skog, omsett av Nøste Kendzior
  • 1984 – Ukkosenjumalan poika
På norsk: 2004 – Tordengudens sønn, omsett av Ellen Holm Stenersen
  • 1985 – Parasjalkainen laivanvarustaja
  • 1986 – Vapahtaja Surunen
  • 1987 – Koikkalainen kaukaa
  • 1988 – Suloinen myrkynkeittäjä
På norsk: 2008 – Den elskelige giftblandersken, omsett av Tor Tveite
  • 1989 – Auta armias
  • 1990 – Hurmaava joukkoitsemurha
På norsk: 2007 – Kollektivt selvmord, omsett av Tor Tveite
  • 1991 – Elämä lyhyt, Rytkönen pitkä
På norsk: 2009 – Den senile landmåleren, omsett av Ellen Holm Stenersen
  • 1992 – Maailman paras kylä
  • 1993 – Aatami ja Eeva
  • 1994 – Volomari Volotisen ensimmäinen vaimo ja muuta vanhaa tavaraa
På norsk: 2012 – Volomari Volotinens første kone og andre gamle ting, omsett av Ellen Holm Stenersen[1]
  • 1995 – Rovasti Huuskosen petomainen miespalvelija
På norsk: 2004 – Prosten og hans forunderlige tjener, omsett av Ellen Holm Stenersen
  • 1996 – Lentävä kirvesmies
  • 1997 – Tuomiopäivän aurinko nousee
  • 1998 – Hirttämättömien lurjusten yrttitarha
  • 1999 – Hirnuva maailmanloppu
  • 2000 – Ihmiskunnan loppulaukka
  • 2001 – Kymmenen riivinrautaa
  • 2003 – Liikemies Liljeroosin ilmalaivat
  • 2004 – Tohelo suojelusenkeli
  • 2005 – Suomalainen kärsäkirja
  • 2006 – Kylmät hermot, kuuma veri
  • 2007 – Rietas rukousmylly
  • 2008 – Neitosten karkuretki
  • 2009 – Elävänä omissa hautajaisissaan

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Volomari Volotinens første kone og andre gamle ting». Nettstaden til Aschehoug & co. Henta 12. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Arto Paasilinna