Artsfiske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Makrellstørje fanga med sportsfiskarutstyr.

Artsfiske er sportsfiske med stong, der det gjeld å få flest mogeleg fiskeartar. Den som driv artsfiske fører oversikt, gjennom mange år, over kva artar han får. Det gjeld og å få størst muleg fisk av kvar art. Eit Norgesmeisterskap går over eit år. Ein reknar med fiskar som er godt dokumenterte.[1]

Av dei om lag 300 fiskeartane ein finn i Noreg, saltvatn og ferskvatn, vert det rekna med at om lag 150 kan fiskast med stang. Då medrekna alt frå ørsmå kutlingar til store kveiter, makrellstørjer og håkjerringar. Dei ivrigaste artsfiskarane har ei liste på over 130 artar. Per 2022 har Asgeir Alvestad flest i Noreg, med 153 artar på lista si.[2]

Mange av dei fiskbare artane er vanskeleg å få på kroken og det krevst eit stort utval av ulike onglar, søkkje, lokkemiddel og anna spesialisert utstyr.

Så lenge fisken er teken på stang med krok, og dokumentert, vert arten godkjend. Ein god artsfiskar har stor kunnskap om fisken si atferd og levevis. Det gjeld å vite kva han lever av, og kvar han held til. Det er fleire ulike teknikkar som vert brukt av artsfiskarar.[3]

Kikfiske vil seie at ein prøver å leite fram (kike etter) fisken frå land før ein prøver å fiske han. Det kan vere frå fjøra når det er lyst, eller med sterk lykt i smæbåthamner eller andre grunne område.

Ved vindaugafiske vert eit spesial vindauga med vasstett flytande rame skubba rundt på grynt område av fiskarar i vadebukse eller våtdrakt. Glasruta verkar som ein vasskikkert. Når botnen vert opplyst er fisken, som ofte er svært liten, råd å sjå. Og så vert det å prøve å fiske han. Ved blindfiske fiskar ein utan sikker kunnskap om kvar fisken er.

I havfiskekonkuransar kan artsfiske vere ein del av konkuransen, i tillegg til vektfiske.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Artsfiske | Torshov Sportsfiske AS (på norsk bokmål), henta 6. mai 2022 
  2. «Asgeir Alvestad blogg». Henta 6. mai 2022. 
  3. Pedersen, Av Raphael (17. april 2015), «En artikkel om artsfiske», Fiskeavisen.no (på norsk bokmål), henta 6. mai 2022 
  4. Havfiske | Torshov Sportsfiske AS (på norsk bokmål), henta 6. mai 2022