Biologisk mangfald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Artsmangfald)
Naturskog (nær urskog, til venstre) har typisk mykje meir biogisk mangfald enn planta skog (til høgre).

Biologisk mangfald, biodiversitet eller naturmangfald er variasjon mellom og innan alle biologiske artar i alle grupper av organismar, og miljøet, økosystemene og dei økologiske prosessane som desse artane og organismane er ein del av.

Mangfaldet kan målast på fleire nivå. Genetisk mangfald viser til den genetiske variasjonen innan ein art; anten mellom populasjonar eller innanfor same populasjon.

Artsmangfald viser til variasjonen av artar som finst i eit område. Eit vanleg brukt mål er talet på artar. Eit meir presist mål er «taksonomisk mangfald», der ein i tillegg ser på breidda av taksa. Til dømes vil ei øy med to fugleartar og éin pattedyrart ha større mangfald enn ei øy med tre fugleartar og ingen pattedyr.

Mangfald av habitat og økosystem er sjølve grunnlaget for det biologiske mangfaldet, både på gen- og artsnivå. Dette mangfaldet er vanskeleg å måla fordi grensene mellom dei ulike områda er flytande.

I praksis vert det biologiske mangfaldet i eit område oftast målt ved artsrikdom.

Idehistorie[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet biologisk mangfald dukka først opp hjå Norse og McManus i 1980. Det vart fort korta ned til biomangfald (biodiversity), og fekk sitt store gjennombrot som konsept med Ed Wilsons bok med same namn i 1988.

I 1992 skreiv over 150 land under på SN-konvensjonen om biologisk mangfald. Her fekk omgrepet ein klår, eintydig definisjon, i tillegg til at landa forplikta seg til å ta vare på biomangfaldet sitt. I kva grad konvensjonen faktisk vert følgd opp er diskutabelt. I arbeidet med å ta vare på biologisk mangfald er det først og fremst viktig å kartlegga det; ei oppgåve som mange stadar er fullstendig avhengig av idealistisk innsats.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. * Avhengig av amatører og pensjonister. Artikkel om biomangfaldsforsking i Aftenposten (nett)]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]