Artsnamnebasen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artsnamnebasen er ein database med eit register over godkjende norske artsnamn. Til saman er det omkring 60 000 arter i Noreg.[1] Basen utgjer ein ny, nasjonal standard for namnsetting av organismar. Han vart oppretta 1. september 2009 og vert driven av Artsdatabanken i Trondheim.

I denne søketenesta kan ein hente informasjon om gyldige vitskaplege namn etter gjeldande internasjonale standardar[2][3] og tilrådde populære namn på bokmål og nynorsk.

Søketenesta gjev i dag ikkje eit komplett oversyn over alle vitskaplege og norske namn på arter og organismegrupper. Av hovudgruppene som delvis manglar er til dømes protozoar, fleire sopp-ordenar, svamp, nesledyr, land- og ferskvassnegl og blekksprut.

Artsnamnebasen er bygd opp som eit hierarkisk register der kvar art, familie, orden, klasse og rekkje har ei eintydig definert plassering i systemet. Artsnamnebasen lettar samarbeidet og betrar kommunikasjonen innan det biologifaglige miljøet i Noreg ved at alle aktørar brukar same namn på organismar.

Artsnamnebasen vert drifta av Artsdatabanken i samarbeid med GBIF-Noreg. Artsnamna er samla inn, kvalitetssikra og tilrettelagde av ei rekkje namnekomitéar[4] frå vitskaplege institusjonar i Noreg. Som ein overbygning for komitéane er det etablert eit namneråd[5] for å sikre ein sams praksis i det faglege arbeidet. Namnekomitéane har òg hatt rådgivande støtte i Språkrådet i arbeidet med norske artsnamn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]