Artur Schnabel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Artur Schnabel
ArturSchnabel.png
Fødd 17. april 1882
Bielsko-Biała
Død

15. august 1951
Morschach

Artur Schnabel (17. april 188215. august 1951) var ein austerriksk pianist og komponist, særleg kjend for å spela pianoverka til Beethoven og Schubert.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Artur Schnabel vart fødd som yngste barnet i ein jødisk familie i Bielsko-Biała i Galiziai dåverande Austerrike-Ungarn. Staden er i dag ein del av Polen. I 1884 flytte familien til Wien, der Artur Schnabel fatta interesse for å spela piano frå han var fire år gamal. Allereie som seksåring fekk han timar av professor Hans Schmidt ved konservatoriet i Wien. 3 år seinare fekk han den polske pianisten Teodor Leszetycki til pianolærar. Han fekk pianoundervisning av Leszetycki frå 1891 til 1897. I tillegg studerte han komposisjon under Eusebius Mandyczewski.[1] Mandyczewski var ein kjenning av komponisten Johannes Brahms, og tok Artur Schnabel med på konsert med Brahms, noko som gjorde stort inntrykk på den unge Artur Schnabel.

Artur Schnabel konsertdebuterte i 1897 i Wien, og hadde konsertar i Budapest, Praha og Brno same året. Alle desse byane låg den gongen i keisardømet Austerrike-Ungarn. I 1898 flytte Schnabel til Berlin i Det tyske keisardømet. Her gifte han seg i 1905 med songaren Therese Behr-Schnabel, som han også hadde konsertar i lag med.[1] Artur Schnabel begynte no å bli kjend som konsertpianist, og reiste på turnéar i heile den vestlege verda. I byrjinga av 1900-talet skipa han Schnabel-trioen der han opptrådte saman med ein cellist og ein fiolinist.

Frå 1925 underviste Artur Schnabel ved eit musikkakademi i byen. Då NSDAP kom til makta i 1933, valde Schnabel, som var jøde, å forlata Tyskland og reiste til England der han oppheldt seg ei stund. I 1939 reiste han til Sambandsstatane, der han tok ei undervisningsstilling i musikk ved University of Michigan. Etter at andre verdskrigen tok slutt i 1945 reiste han tilbake til Europa. Dei siste leveåra sine verka han som konsertpianist og komponist før han døydde i Schwyz i Sveits i 1951. Her ligg han òg gravlagd.

Arv[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste komposisjonane til Schnabel omfattar 3 symfoniar, ein pianokonsert, fem strykekvartettar og nokre sonater og lieder.

Saman med Therese Behr-Schnabel fekk han sonen Karl Ulrich Schnabel (1909-2001) som vart ein kjend pianist. Ein annan son, Stefan Schnabel (1912-1999), vart skodespelar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Glock, William; Stephen Plaistow (17. februar 2018), «Schnabel, Artur», Grove Music Online, http://www.oxfordmusiconline.com/grovemusic/view/10.1093/gmo/9781561592630.001.0001/omo-9781561592630-e-0000024970