Arturo Araujo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arturo Araujo
Arturo Araujo Fajardo.jpg
Fødd1878
Caja Seca
Død18. mai 1967
San Salvador
NasjonalitetEl Salvador
Yrkepolitikar
VervPresident i El Salvador 1931
FøregangarPío Romero Bosque
EtterfylgjarMaximiliano Hernández Martínez

Arturo Araujo Fujardo (fødd 1878 i Santa Tecla, daud 18. mai 1967 i San Salvador) var ein salvadoransk politikar, landeigar og utdanna ingeniør ved Universitetet i El Salvador. Han representerte Partido Trabajo, arbeidarpartiet i El Salvador.

Då han stilte til val lova han landfordeling og sysselsetting. Særleg fekk han støtte frå indianske landsbyar i dei vestlege departementa. Han appellerte til arbeidarklassen i byane og middelklassen, og også med særskild oppmoding til bøndene og dei indianske samfunna.

Han var president i El Salvador frå 1. mars 1931 til 2. desember 1931, då han vart kasta frå makta gjennom eit militærkupp utført av general Maximiliano Hernández Martínez, som var forsvarsminister i Araujos regjering. Kuppet var støtta av fleire sentrale militære leiarar. Araujo flykta til Guatemala for å redda livet sitt.