Arturo Casado

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arturo Casado

Arturo Casado (fødd 26. januar 1983) er ein spansk tidlegare mellomdistanseløpar som i 2010 vart europameister på 1500 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Casado vann 1500 meter under midhavsleikane 2005. Same året vart han femtemann på distansen under verdsmeisterskapen i Helsinki. I europameisterskapen 2006 i Göteborg kom han på fjerdeplassen og i VM 2007 i Osaka vart han nummer 7.

Sommaren 2010 var Casado i sitt livs form. Med sin store spurtstyrke vann han i Barcelona-EM 1500-meteren lett, etter at løpet hadde gått unna i moderat fart. Eit par veker seinare, den 22. august, sprang han inn til 3.32,7 og personbeste på Olympiastadion i Berlin. Og nøyaktig ei veke etter fekk han også notert bestetid på 800 meter, 1.44,74, oppnådd i Rieti.

Casado la opp i 2014.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]