Arusha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arusha
by
Arusha, Tanzania (Explored) - Flickr - romanboed.jpg
Land Flag of Tanzania.svg Tanzania
Region Arusha-regionen
Folketal 416 442 (2012) [1]

Arusha
3°22′0″ S 36°40′0″ E
Wikimedia Commons: Arusha

Arusha er ein by i nordlege Tanzania, og regionshovudstad i Arusha-regionen. Ved folketeljinga i 2012 hadde han 416 442 innbyggjarar. Arusha er omringa av nokre av dei best kjende landskapa og nasjonalparkane i Afrika. Byen ligg nedanfor Mount Meru på den austre kanten av Riftdalen, og ligg i nærleiken av Serengeti, Ngorongorokrateret, Manyarasjøen, Olduvaikløfta, Tarangire nasjonalpark og Kilimanjaro. Dessutan ligg Arusha nasjonalpark på Mount Meru.

Arusha er eit viktig økonomisk senter.[2] Hovudkvarteret til Den austafrikanske fellesskapen ligg i Arusha.[3] Sidan 1995 har byen husa Det internasjonale tribunalet for Rwanda nedsett av SN.[4] I 2006 blei Arusha også heim for Den afrikanske menneskerettsdomstolen.[5] Det er ein fleirkulturell by med ein afrikansk majoritet og store arabiske og indiske minoritetar, og dessutan europearar og amerikanarar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Population Distribution by Administrative Areas, 2012 Population and Housing Census, National Bureau of Statistics, United Republic of Tanzania, 2013, side 26, besøkt 26. september 2017.
  2. «Arusha | region, Tanzania», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 30. juli 2021 
  3. «Overview of EAC». EAC. Henta 12. april 2020. 
  4. «S-RES-977(1995). United Nations Official Document», www.un.org, henta 30. juli 2021 
  5. «AFCHPR», www.african-court.org, henta 30. juli 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Arusha