Arve Brunvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arve Brunvoll (fødd 17. juni 1937)[1] er ein norsk prest, salmediktar og teolog fødd i Molde. Han har arbeidd med ei rekkje emne innanfor filosofi og teologi og har vore tilknytt NLA Høgskolen i Bergen gjennom ei årrekkje. Han har skrive eller omsett salmar som «Min hyrding er vår Herre Gud», «Å kom, å kom Immanuel» og «Deg å få skode».

Utdanning og yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Brunvoll studerte teologi ved frå Menighetsfakultetet i Oslo. Han tok teologisk embetseksamen i 1962 og praktisk-teologisk eksamen i 1963. I tida 1964-65 var han skuleungdomsprest i Stavanger for NKSS.[1]

I 1968 tok han doktorgraden (Ph.D.) ved Universitetet i Glasgow med ei avhandling som tok for seg filosofi og teologi innan moderne etikk.[2] Same året blei han tilsett ved Norsk Lærerakademi (no NLA Høgskolen) i Bergen som amanuensis (seinare førsteamanuensis) i systematisk teologi. Frå 1992 til 1995 var han rektor ved høgskulen.

Brunvoll spesialiserte seg på filosofen Ludwig Feuerbach, og tok i 1997 endå ei doktorgrad ved Universitetet i Bergen om Feuerbach og utviklinga av hans religionskritikk.[1] I 1998 blei han leiar for NLA sitt forskingsutval og i 1999 fekk han stilling som professor der, seinare professor emeritus.[3]

Frå 1990-talet var Arve Brunvoll engasjert i arbeid med Universitetet i Asmara og Den Evangeliske Kyrkja i Eritrea, der han mellom anna har vore med på å byggja opp kompetanse og stella til samarbeid.[1]

Brunvoll har òg delteke i ei rekkje utval, mellom anna Norsk teologisk nemnd for mellomkyrkjelege spørsmål, etikkutvalet i Kristelig legeforening og Liturgikommisjonen og Salmebokkomiteen til Den norske kyrkja.[1]

Litterært verk[endre | endre wikiteksten]

Brunvoll har skrive sakprosa og både dikta og gjendikta salmar. I Norsk Salmebok finn ein til dømes ei rekkje salmar skrivne eller omsette av han.[4] Han har gjeve ut bøker og artiklar innan felt som etikk, humanisme, liturgi, hymnologi, teologihistorie og om Ludwig Feuerbach.[1]

Avhandlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Fact and value - the modern confrontation of philosophy and theology in the field of ethics (doktorgradsavhandling, Universitetet i Glasgow, 1968)
  • "Gott ist Mensch". Die Luther-Rezeption Ludwig Feuerbachs und die Entwicklung seiner Religionskritik (i Europäische Studien zur Ideen-und Wissenschaftsgeschichte, Bd. 3), Frankfurt am Main: Peter Lang, 1996.

Fagartiklar og bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Norske kirkes bekjennelsesskrifter : ny oversettelse med innledning og noter (Oslo : Lunde, 1972)
  • «Ideologiomgrepet i politisk og teologisk samanheng», i Samtale om kristendom og sosialisme (Oslo: Lunde, 1976)
  • «Teologiske teser til spørsmålet om kyrkjeleg ulydnad mot staten» i Toralf Tveiten og Ole Øystese (red.): Frihet og statsmakt. Frie undervisningsinstitusjoner i et demokratisk samfunn (Oslo: Lunde, 1981)
  • «Luthers salmar som bøn», i Ung Teologi 1992
  • «Humanismen som menneskesyn» i Hva er et menneske? (Bergen: NLA-forlaget, 1996)
  • «Religion etter religionskritikken : eit historisk og kritisk blikk på det religiøse menneskelege medvitet» i Religion og kultur : ein fleirfagleg samtale, bd. 4 (Oslo: Universitetsforlaget, 2009)

Lyrikk[endre | endre wikiteksten]

Salmar:

  • «Audmjukt kjem vi saman for ditt auga, Gud» (omsetjing etter ein tekst av J. Chirwa)
  • «Deg å få skode er sæla å få» (omsetjing etter ein tekst av C.F. Butler)
  • «Du far og herre, du som rår» (omsetjing etter ein tekst av John Greenleaf Whittier)
  • «Du sette deg sjølv der dei lågaste sat» (omsetjing etter ein tekst av Hans Anker Jørgensen)
  • «Før dagsens siste ljos døyr ut» (omsetjing av latinske «Te lucis ante terminum»)
  • «Jerusalem, du by på Herrens høgd» (omsetjing etter ein tekst av Johan Matthaeus Meyfart)
  • «Kom, Heilage ande»
  • «Min hyrding er vår Herre Gud»
  • «Om kjærleik er min song» (omsetjing etter ein tekst av Samuel Crossman)
  • «Vi syng med takk og glede» (omsetjing av tysk kyrkjevise)
  • «Å kom, å kom, Immanuel» (omsetjing av latinske «Veni, veni, Emmanuel» frå 1100-talet)
  • «Å, kor djup er Herrens nåde» (omsetjing etter ein tekst av Frederick William Faber)

Anna:

  • Kristnikvede med Knut Nystedt
  • Fange og fri (omsett libretto av Britt G. Hallqvist)
  • Halleluja! Lova Gud! 25 bibelske salmar (Bergen: Vest-Norsk Musikkforlag 1981)
  • Ord frå alle æver, cd med Brunvoll sine salmar framført av Bergen Domkantori med kommentarar av Arve Brunvoll. (NRK Sangtimen)
  • Wevers of wollen : the assumption of the Virgin, taletekst

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Anne Kristin Aasmundtveit, Biografisk leksikon til Norsk Salmebok og Norsk Koralbok, Verbum forlag, Oslo, 1995. ISBN 82-543-0573-0. Side 142.
Nettlenkjer