Arve Moen Bergset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arve Moen Bergset

Fødd13. mars 1972 (52 år)
FødestadSandnessjøen
OpphavNoreg
Instrumentfiolin, fele, vokal
Verka somfelespelar, klassisk fiolinist, kveder, folkesanger
Gift medGudrun Skretting
PrisarSpellemannprisen i folkemusikk/gammeldans

Arve Moen Bergset (fødd 13. mars 1972 i Sandnessjøen) er ein norsk kvedar, fiolinist og hardingfelespelar. Han er kjend som eitt av medlemmene i gruppa Bukkene Bruse og er fyrstefiolinist for Oslo-filharmonien.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Arve Moen Bergset flytte som femåring frå Sandnessjøen til Vinje i Telemark. 8 år gamal tok han til å gå i kvedarlære hjå Sondre Bratland, og lærte av Bratland i åtte år. Dessutan har han fått tradisjonsstoff av Ellen Bojer Nordstoga, Agnes Buen Garnås, Aslak Høgetveit og Talleiv Røysland. I 1986 gav han ut sin fyrste solokassett, Litle fuglen. Under utdelinga av Spellemannprisen 1986 kveda han for fyrste gong på fjernsyn, 15 år gamal. Året etter vann han sjølv Spellemannprisen 1987 i klassa for Folkemusikk med plata Arvesølv.

I 1988 danna han den nyskapande folkemusikkgruppa Bukkene Bruse saman med Annbjørg Lien og fløytisten Steinar Ofsdal. Etter 1997 har keyboardisten Bjørn Ole Rasch også vore med i gruppa. Dei har no halde på i over eit tiår, gjeve ut 5 plater og vunne fleire prisar. Eitt av høgdepunkta frå karrieren deira var då dei vart utvalde til å vera offisielle OL-musikarar til Vinter-OL 1994Lillehammer.

Arve Moen Bergset utvikla seg også på strykarinstrument, og vann fleire prisar for unge fiolinistar i byrjinga av 1990-åra. Han tok utdanning ved Norges Musikkhøgskole, og avla embetseksamen i kammermusikk/solo der i 1995. I 1996 gav han ut eit nytt soloalbum, Religiøse folketonar. Dette vart spelt inn i Oslo domkyrkje saman med Geir Inge Lotsbergfiolin og Kåre Nordstogaorgel.

Arve Moen Bergset har vore tilsett i Oslo-filharmonien sidan 2003. Han sit også i det kunstnariske rådet for Vinterfestspela i Bergstaden Røros.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloplater[endre | endre wikiteksten]

Som solist[endre | endre wikiteksten]

(For diskografi med Bukkene Bruse, sjå Bukkene Bruse.)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]