Arve Vorvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arve Vorvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. januar 1974
Idrett skihopping
Yrke skihoppar

Arve Vorvik (fødd 7. januar 1974) er ein norsk, tidlegare skihoppar som representerte Byåsen IL. Vorvik har tre individuelle medaljar i NM og fem medaljar frå laghopp. Han vart noregsmeister i normalbakken i Marikollen i 1995, med klar margin til sølvvinnaren Øyvind Berg og Espen Bredesen på bronseplass. Sidan tok Vorvik sølv i normalbakken i Stryn i 1996 og normalbakken i Mo i Rana i 1997. I lag-NM var han med å vinne gull i 1995, 1997 og 1998, og sølv i 1994 og 1996, alle for Sør-Trøndelag.

Vorvik debuterte i verdscupen med 40. plass i storbakken på Lillehammer i februar 1995. Beste tevlinga hans i verdscupen i Iron Mountain i februar 1996 enda med ein åttandeplass.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1995: Nr 28 i storbakken under Ski-VM i 1995 i Thunder Bay
  • 1996: Nr 8 i Iron Mountain
  • 1997: Nr 20 i Engelberg

I lagkonkurransen under Ski-VM 1995 var han på det norske laget som vart nummer 7 av 11 lag.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1994: Nr 9 i normalbakken i Vegårshei
  • 1995: Gullmedalje i normalbakken i Rælingen
  • 1996: Sølvmedalje i normalbakken i Stryn
  • 1997: Sølvmedalje i normalbakken i Mo i Rana
  • 1998: Nr 6 i storbakken i Meldal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]