Arvid Kleven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arvid Kleven
Fødd29. november 1899
FødestadTrondheim
Død23. november 1929 (29 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Instrumentfløyte
Verka somkomponist

Arvid Parly Kleven (fødd 29. november 1899 i Trondheim, død 24. november 1929 i Oslo) var ein norsk komponist og fløytist.[1] Kleven var påverka av impresjonismen og ekspresjonismen, men av di han døydde ung og dei nye tonane hans møtte sterk motstand i Noreg i samtida, har han i stor grad vorte gløymd av ettertida.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Far hans døydde før han vart fødd, og mor hans emigrerte til USA utan å ta med seg den 4-5 år gamle sonen. Arvid voks opp hjå besteforeldre i Trondheim. Det vakna tidleg ei interesse for fløytespel hjå guten, og han framførte til og med eigne fløytekomposisjonar med gutekorpset i Trondheim. Dette resulterte i at han vann eit legat for vidare musikkstudiar i Oslo etter enda grunnutdanning i heimbyen.[2]

19 år gamal kom Arvid Kleven som fløytist til Nationaltheatrets orkester i Oslo, men frå og med 1919 spela han fast i Filharmonisk Selskaps Orkester. Kleven studerte fløyte under Axel Andersen og teori under Gustav Lange. Han hadde lite utdanning innan komposisjon, men hadde nokre kortare studieopphald i Paris og Berlin. Han var influert av både impresjonismen og ekspresjonismen i musikken sin, og braut gjennom med orkesterverket Lotusland (1922), skrive i Paris. Han var ein dyktig arrangør, og hans neste orkesterverk, Skogens søvn frå 1923, fekk representera Noreg under den nordiske musikkfesten i Stockholm i 1927.

Då Klevens Symfonisk fantasi vart urframført av det filharmoniske selskap i Oslo i 1926, vart verket regelrett slakta av tilhøyrarane. Norsk musikkliv var enno i stor grad prega av tradisjonen etter Edvard Grieg og Johan Svendsen, og sjølv om impresjonisme/ekspresjonisme ikkje var flunkande nye kunstretningar på kontinentet, slo det ikkje gjennom i gamlelandet. David Monrad Johansen skreiv i ettertid at komponisten burde gå «den musikalske rekruttskole» for å læra seg «visse uforgjængelige love, som det ikke gaar an ustraffet at trodse». Hans siste orkesterverk, Sinfonia libera vart skrive 1926-1927.

Etter at Arvid Kleven døydde av giktfeber i 1929, vart korkje Symfonisk fantasi eller Sinfonia libera framført fleire gonger. Lotusland vart hans mest kjende verk, og vart stundom framført. Også i etterkrigstida, då modernismen slo gjennom i norsk musikk, var Klevens musikk gløymt. Ikkje før etter tusenårsskiftet, då komponisten Robert Rønnes hadde restaurert komposisjonane hans, vart det blåse liv i musikken hans på ny. Sinfonia libera vart framført av Stavanger symfoniorkester den 26. mai 2006. Dette var fyrste framføring av verket sidan komponisten gjekk bort. Eit anna verk av Kleven, Poeme for obo og piano (1922) vart urframført av oboisten Linda Lien ved Norges Musikkhøgskole i 2007, ved hjelp av arbeidet til Rønnes.[3]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1917: Vikingtog, marsj for piano
  • 1920: Dæmring for solo piano
  • 1920: Vandliljer jeg et tjern
  • 1920: Poema for Cello og Piano
  • 1921: Appassionato for solo piano
  • 1922: Poeme for Lisenser og Piano
  • 1922: Til historiske bilder for piano
  • 1922: Lotusland for orkester
  • 1922: Å Aquareller for orkester
    • Clair De Lune
    • Regnbueøen
  • 1922: Valse Mignonne for kammerorkester
  • 1922: Canzonetta for Fiolin og Piano
  • 1923: Skogens Søvn for orkester
  • 1923: Der Wald Sove for orkester
  • 1924: Sonate 1 for Fiolin og Piano
  • 1925: Fiolinsonate
  • 1925: 3 Sange for Sopran og Piano
  • 1925: Piano Trio for fiolin, cello og piano eller to fagott og piano
  • 1926: Symfonisk Fantasi
  • 1926: 3 Sange for Sopran og Piano
  • 1927: Sinfonia Libera I Grunn Parte
  • 1928: Les Preludier, zwei Präludien for piano[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Andersen, Rune J.. (2013, 9. mai). Arvid Parly Kleven. I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014 frå http://snl.no/Arvid_Parly_Kleven.
  2. 2,0 2,1 Robert Rønnes, Arvid Kleven, arkivert frå originalen 22. februar 2014, henta 13. februar 2014 
  3. Robert Rønnes om Arvid Kleven. Vitja 13.02.14, arkivert frå originalen 22. februar 2014, henta 13. februar 2014