Arvid Møller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arvid Møller
Arvid-moller.JPG
Fødd 14. oktober 1939
Strinda
Yrke skribent, journalist

Arvid Møller, (fødd 14. oktober 1939) er ein norsk journalist og forfattar busett på Lillehammer.

Møller er ein av dei mest lesne og mest produktive forfattarane i Noreg, med meir enn 100 bøker bak seg. Han har spesialisert seg på biografiar om kvardagsheltar og «vanlege» menneske som har gjort ein stor innsats, t.d. industrigründarar, misjonærar, husmannskjemper og kunstnarar. Møller har òg gjeve ut ei stor mengd dokumentarbøker om ei rekkje ulike emne, m.a. kunst og natur. Dessutan har han skrive fleire bøker om medlemmer av kongehuset.

Møller har motteke Kulturprisen for Gudbrandsdalen, og Kongens fortenestmedalje i gull for forfattarskapen sin. Lom kommune har i tillegg gjort Møller til ambassadør for Lom for å ha skrive minst ti bøker om miljø og personar i Lom.

I fylgje sidene til TV2, er Møller frimurar.

Eit utval bøker av Møller[endre | endre wikiteksten]

  • Taterdronningen: Marie Lovinie, Stor-Johans datter (1974)
  • Gjendine (1976)
  • Lina på prærien (1979)
  • Jo Gjende (1979)
  • Høvding Herman (1980)
  • Sigurd fra Klevfos (1983)
  • Veidemann på vidda - en bok om Lars Vivelid på Hardangervidda (1984)
  • Senorita Sigrid (1985)
  • Per Ung (1991)
  • Dronning Maud. Et portrett (1992)
  • Lefse-Bertha (1993)
  • Dronning Sonja 25 år som landets førstedame (1993)
  • Jotunheimens døtre (2001)
  • Alvheim (2005)
  • Øystein Laupsa - Bilethoggar (2008)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]