Arvid Sveli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arvid Sveli
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. januar 1920
Bindal
Død

9. oktober 2018 (98 år)

Yrke skribent

Arvid Sveli (6. januar 19209. oktober 2018) var ein norsk diktar, forfattar og skogbrukar frå Bindal.

Arvid Sveli vart fødd i Vassbygda i dåverande Bindal, no Brønnøy kommune. Frå tidleg ungdom arbeidde han som tømmerhoggar. Sidan tok han skogbruksutdanning og vart skogbestyrar og frå rundt 1950 heradskogmeister på Sør-Helgeland. I 2011 vart eit minnesmerke for Sveli og forfatterskapen hans avduka på Sveliheia i Vassbygda.

Men stien vil lenge få ligge
Med hardslitte fotefar -
Et band gjennom skogen - og sinnet -
Til heimen som engang var.

Frå Arvid Sveli: Min barndoms sti

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Blant romanar han har skrive er

  • Til Åbjøras kilder gjennom villmark i Sør-Helgeland (1975)
  • Ved den lange elva (1977)
  • Det gjemte landet (1980)
  • Stien til Maajeh-tjokka (1984)

Ein del av dikta hans er samla i boka Drømmen om grønne skoger (2000).

Andre bøker han har skrive eller redigert er

  • Vi MennSvalbard (Norsk polarinstitutt, småskrift 1972)
  • Helgeland skogselskap gjennom 75 år, 1905-1980
  • Årbok for Helgeland 1983, 1984, 1985
  • Banken på Berg : Brønnø sparebank, Helgeland sparebank, avd. Berg, 125 år - 1860-1985
  • Skogbruk i Nord-Norge - Streiftog gjennom historien (1987, 1990)
  • Møte med natur og mennesker (1991)
  • Lomsdalsvassdraget : kulturminner fra en øde grend (1992)
  • Fra vår nære fortid (1993)
  • Sparebanken i Brønnøysund 100 år : Brønnøsunds sparebank - Helgeland sparebank avd. Brønnøysund 1894-1994 (1994)
  • En milepel : folkets tjener i 75 år : As Brønnøysunds avis og bokhandel 1920-1995 (1995)
  • Villmark, skog og industri : historien om Bindalsbruket og Plahtes eiendommer (1998)
  • 90 år : Brønnøysund sanitetsforening : 1909-1999 (1999)
  • Sponplatefabrikken i Hattfjelldal : et eventyr fra utkant-Norge (2004)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]