Hopp til innhald

Arvid Torgeir Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arvid Torgeir Lie
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd1938
i Skafså
Død

2020 (81 år)
Spydeberg

YrkeForfattar
Påverka avAslaug Vaa
Periode1967
EktefelleLiv Greaker
PrisarDoblougprisen, Halldis Moren Vesaas-prisen
DebutUnder fuglens vengjekross

Arvid Torgeir Lie (18. august 193819. mai 2020)[1] var ein norsk lyrikar frå Skafså.[2]

Lie voks opp i Åmdalsverk[3], og studerte ved Universitetet i Oslo før han ei tid arbeidde som skogsarbeidar.[2] Han debuterte i 1967 med diktsamlinga Under fuglens vengjekross, som var påverka av diktinga til Aslaug Vaa.[3] Han fekk sidan fått utgitt elleve diktsamlingar til, den seinaste kom i 2011. Lie skreiv også ei novellesamling og gjendikta bøker til norsk. Frå 1977 hadde han Statens garantiinntekt for kunstnarar (kunstnarløn).[2]

Han fekk Halldis Moren Vesaas-prisen i 1995 for Eksakthet. Nærvær, og Melsom-prisen i 2007 for Innfor den myndige og den umyndige beretninga.[4] Same året fekk han også Doblougprisen.[5]

Lie var busett i Spydeberg kommune sidan 1997.[2]

  • 1967 Under fuglens vengjekross diktsamling
  • 1968 Snøvinter diktsamling
  • 1969 Frå eit halvt liv diktsamling
  • 1971 Skrive og tenke diktsamling
  • 1973 Sol og sekund diktsamling
  • 1976 Sju svingar opp diktsamling
  • 1981 Eit merkeleg hus diktsamling
  • 1982 Dikt i utvalg dikt i utval
  • 1986 Den nye maskina novellesamling
  • 1990 I eit Bergsto-år diktsamling
  • 1995 Eksakthet. Nærvær diktsamling
  • 2001 39 fragment over ein harmonika diktsamling
  • 2006 Innfor den myndige og den umyndige beretninga diktsamling
  • 2011 Mot det ærlege lyset diktsamling

Litterære prisar

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Arvid Torgeir Lie i Store norske leksikon på snl.no. Henta 26. mai 2020 frå https://snl.no/Arvid_Torgeir_Lie
  2. 1 2 3 4 Eiliv Vinje. ««Arvid_Torgeir_Lie»». Norsk Biografisk Leksikon. Henta 14. mars 2012.
  3. 1 2 Ottar Fyllingsnes (28. mai 1998). ««Arvid Torgeir Lie: -- Ein av dei viktigaste»». Dag og Tid. Henta 15. mars 2012.
  4. «Melsom-prisen tildelt lyrikeren Arvid Torgeir Lie». Henta 15. mars 2012.
  5. «Lie, Arvid Torgeir». Nettstaden til Gyldendal Norsk Forlag. Henta 15. mars 2012.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]