Arvikaverken

Koordinatar: 59°39′5.58″N 12°36′48.96″E / 59.6515500°N 12.6136000°E / 59.6515500; 12.6136000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°39′5.58″N 12°36′48.96″E / 59.6515500°N 12.6136000°E / 59.6515500; 12.6136000

Arvikaverken

Arvikaverken var eit svensk føretak grunnlagt i 1885, då Per Andersson tok til å produsera plogar og hakkelsemaskiner i Arvika. I 1888 vart føretaket registrert under namnet P. Andersson. I 1889 var drifta utvida ved at Johan Igels jarnstøyperi vart overteke og namnet vart endra til P Andersson & Co Mekaniska Werkstad. Føretaket voks fort og i 1899 vart namnet endra på nytt, denne gongen til AB Arvika Werkstäder. I 1916 vart namnet endra til AB Arvikaverken. I 1917 gjekk Arvikaverken saman med Thermaenius Mekaniska Verkstad i Hallsberg og namnet vart endra til AB Arvika-Verken. Føretaket satsa no på produksjon av landbruksmaskiner og utvikla seg til ein storprodusent av plogar, slåmaskiner og sjølvbindarar. Plogane vert produserte i Arvika, medan slåmaskinene og sjølvbindarane vart laga i Valla og Skurup. I 1946 tok føretaket opp produksjon av skurtreskjarar, både slepetreskjarar og sjølvgåande maskiner. Desse vert produserte i Hallsberg. I 1959 var namnet endra til Arvika-Thermaenius AB.

I 1960 vart føretaket kjøpt av Bolinder-Munktell i Eskilstuna. Kjøpet kom ikkje på grunn av dårleg økonomi, men meir på grunn av at Bolinder Munktell sine framtidsplanar. Produksjonen av hjullastarar og bandvogna BV202 vart lagt til Arvika. Arvikaverken er i dag ein del av Volvo Construction Equipment.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]