Aryan Tari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aryan Tari
Tari,Aryan 2015 Wien.JPG
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. juni 1999
Noreg
Idrett sjakk
Yrke sjakkspelar

Aryan Tari ((fødd 4. juni 1999)) er ein norsk sjakkspelar, stormeister i sjakk. Han har blitt rekna som eit av dei største talanta i norsk sjakk. Tari vart internasjonal meister i sjakk (IM) berre 14 år gamal i 2013, noregsmeister i sjakk i 2015, og kvalifiserte seg for stormeister-tittelen i oktober 2015, som den 12. norske sjakkspelaren.

Internasjonal meister i sjakk 2013[endre | endre wikiteksten]

Aryan Tari har gjort sterke resultat i mange internasjonale turneringar. I tre av dei var prestasjonane så gode at dei gav han dei nødvendige tre innteikningane i tittelen Internasjonal meister i sjakk: I den opne noregsmeisterskapen i sjakk på Fagernes i mars 2013 gjorde han eit stormeister-resultat med 6 poeng på 9 rundar, i Sveins minneturnering i Oslo i juni vart det IM-napp med 6 av 9, og i eliteklassa i NM i sjakk i Stavanger i juni-juli heldt 5 av 9 til det siste og avgjerande IM-nappet. Desse gode resultata var også nok til å få FIDE-rating pr 1. august 2013 på 2401, så då var også kravet om eigen rating over 2400 oppfylt. Han vart deretter utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk (IM) av FIDE på kongressen i Tallinn i oktober 2013.[1].

Noregsmeister i sjakk for 2015[endre | endre wikiteksten]

I Noregsmeisterskapen i sjakk i Oslo i juli 2015 tok Aryan Tari 7 poeng på 9 rundar, og vart med dette resultatet noregsmeister.[2] Han var då 16 år, og vart dermed den tredje yngste noregsmeisteren nokon gong. Berre Simen Agdestein og Magnus Carlsen var yngre, dei var 15 år då dei vann NM første gong.

Stormeister i sjakk[endre | endre wikiteksten]

Aryan Tari tok sitt første stormeisternapp på Fagernes i mars 2013, som nemnt over. Han vart dermed den nest yngste norske spelaren som har klart stormeisternapp, berre Magnus Carlsen har vore yngre.

Aryan Tari klarte det andre stormeisterresultatet på ni runder under Europameisterskapen i sjakk for landslag i Reykjavik i oktober 2015, der han spelte på tredje bord på det norske laget, og tok 6 poeng. Spesielle FIDE-reglar for kontinentale lagmeisterskap gjer at dette vart rekna som eit stormeisterresultat over 20 parti. Desse to stormeisterresultata var dermed nok, og då kravet om eigen rating på over 2500 har vore oppfylt sidan mars 2015 vart han utnemnd til stormeister på FIDE-møtet i slutten av mars 2016.[3] Han vart då den 12. norske stormeisteren i sjakk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]