As-Salt
| Salt | |||
| السلط | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| guvernement | Balqa guvernement | ||
| Høgd | 820 moh. | ||
| Koordinatar | 32°02′N 35°44′E / 32.033°N 35.733°E | ||
| Areal | 48 km² [1] | ||
| • storbyområde | 79 km² | ||
| Folketal | 88 900 (2011) | ||
| Folketettleik | 1 852 / km² | ||
| Grunnlagd | 300 fvt. | ||
| • kommune | 1887 | ||
| Retningsnummer | +(962)5 | ||
![]() As-Salt 32°02′21″N 35°43′38″E / 32.039166666667°N 35.727222222222°E | |||
| Wikimedia Commons: As-Salt | |||
| Nettstad: http://www.salt.gov.jo/ar | |||
Salt (arabisk السلط, Al-Salt) er ein gammal jordbruksby og administrativt senter vest i det sentrale Jordan. Han ligg ved den gamle hovudvegen frå Amman til Jerusalem, Balqa-høglandet, kring 790–1 100 meter over havet, nær Jordandalen. Han er bygd over tre åsar, og på ein av desse, Jebal Al Qal'a, ligg ruinane av ei borg frå 1200-talet. Han er det administrative senteret i Balqa guvernement.
Stor-Salt kommune har kring 97 000 innbyggjarar (2006), der 65 % er muslimar og 35 % kristne.
Historie
[endre | endre wikiteksten]

Det er ikkje kjend når byen først vart busett, men ein trur han vart bygd av den makedonske hæren under regjeringstida til Aleksander den store. Byen vart kalla Saltus i bysantinsk tud og var setet for ein biskop. På den tida vart byen rekna for å vere den viktigaste busetanden på Austbreidda av Jordanelva. Busetnaden vart øydelagd av mongolane og så bygd opp att under regjeringstida til mamelukk-sultanen Baibars (1260–1277) og vart eit regionssenter nok ein gong under Det osmanske riket. Tidleg i 1830-åra var Salt igjen angripen, denne gongen under eit raid av den egyptiske statthaldaren Ibrahim Pasha i felttoget hans mot osmanarane i Palestina.
Glanstida til Salt var seint på 1800-talet då handelsfolk reiste frå Nablus for å utvide handelsnettverket sitt aust for Jordanelva. På grunn av mange nye innbyggjarar vart Salt raskt utvida frå ein enkel bondelandsby til ein by med mange elegante bygningar, mange bygd i Nablusi-stil. Mange av bygningane frå denne tida står framleis i Salt i dag.
Etter fyrste verdskrigen var byen staden der Herbert Samuel, britisk høgkommisær i Palestina, valde å annonsere at britane favoriserte eit hashimittisk-styrt område på Austbreidda av Palestinamandatet (dagens Jordan). Dette vart ein realitet i 1921 då Abdullah I vart emir av Transjordan. Salt verka å bli byen som skulle bli vald til hovudstaden i det nye emiratet, sidan det meste av handelen og industrien strøymde gjennom Salt. Salt hadde i denne tida ingen vidaregåande skular. Likevel valde Abdullah byen som hovudstaden i emiratet sitt, men endra etter kvart meining og flytta til Amman då han følte han ikkje kom overeins med notabiliteten i Salt. Amman var på den tida ein liten by med berre 20 000 innbyggjarar, men opplevde etter kort tid rask vekst.
Kommunedistrikt
[endre | endre wikiteksten]Stor-Salt kommune er delt inn i ni distrikt:
| Distrikt | Folketal (2006) | Areal (Km2) | |
|---|---|---|---|
| 1 | Salt | 71 100 | 48 |
| 2 | Zai | 2580 | 7.7 |
| 3 | Umm Jouzeh | 3355 | 4.2 |
| 4 | Wadi Alhoor | 1815 | 1.73 |
| 5 | Al-Yazeediyeh | 900 | 1.08 |
| 6 | Yarqa | 5300 | 4.154 |
| 7 | Ira | 4100 | 4.4 |
| 8 | Allan | 4640 | 3.8 |
| 9 | Rumaimeen | 2884 | 4,3 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Salt i Jordan» frå Wikipedia på engelsk, den 6. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


