As I Went Out One Morning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
As I Went Out One Morning
Song av Bob Dylan
frå albumet John Wesley Harding
Utgjeve 27. desember 1967
Innspelt 6. november 1967
Sjanger Folkrock, countryrock
Lengd 2:49
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«As I Went Out One Morning» er ein song skriven av Bob Dylan frå 1967 på albumet hans John Wesley Harding. Han har berre framført songen ein gong på konsert, tidleg på Bob Dylan and The Band-turneen i 1974.

Teksten til «As I Went Out One Morning» fortel om ein mann som tilbyr ei hand til ei kvinne i lenkjer, men forstår at ho vil han meir enn han kan tilby, og at ho «er meint å skade han». Ein person kalla Tom Paine dukkar så opp og kommanderer ho til å gje seg, og unnskyldar seg til forteljaren for handlingane til kvinna. Tom Paine som figur kan representere sunn fornuft eller borgarrettar, som den historiske Tom eller Thomas Paine kjempa for. Det kan òg hende at songen refererer til den prestisjefylte Tom Paine-prisen som Dylan fekk i 1963 frå National Emergency Civil Liberties Committee. Dylan leverte ein takketale der han vart bua av scenen etter han hevda at han hadde noko empati med kjenslene til Lee Harvey Oswald.[1] Songen minnar om W.H. Auden-diktet «As I Walked Out One Evening», også ved å ha den same jambiske takten og firelinja verseforma.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Copy of Dylan's acceptance speech at NECLC». Arkivert frå originalen 11. september 2014. Henta 9. november 2018. 
  2. «Tribe After Tribe». South Africa's Rock Legends. rock.co.za. Henta 9. november 2018. 
  3. «Woven Hand article». NPR Music. Henta 9. november 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]