Elvis: As Recorded at Madison Square Garden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elvis: as Recorded at Madison Square Garden
Konsertalbum av Elvis Presley
Utgjeve 18. juni 1972
Innspelt 10. juni 1972
Sjanger Rock
Lengd 52:30
Selskap RCA Records
Elvis Presley-kronologi
He Touched Me
(1972)
Elvis: as Recorded at Madison Square Garden Burning Love and Hits from His Movies, Volume 2
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Robert ChristgauC[2]
MusicHound2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]
The Rolling Stone Album Guide2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
Rough Guides3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]

Elvis: As Recorded at Madison Square Garden er eit konsertalbum av Elvis Presley gjeve ut i juni 1972 av RCA Records. Det vart spelt inn i Madison Square Garden i New York City laurdag 10. juni 1972. Konserten, og det påfølgjande albumet, vart marknadsført som den første konserten til Presley i New York sidan 1950-åra. Det selde til gullplate 4. august 1972, platina den 20. mai 1988, 2x platina den 27. mars 1992 og 3x platina den 15. juli 1999 hos RIAA. I lag med Aloha from Hawaii: Via Satellite vart dette det mestseljande konsertalbumet til RCA i 1970-åra.

Trass i dei mange songane, var albumet berre ei enkelplate og kom ut berre ei veke etter sjølve konserten. Det neste albumet til Elvis var eit nytt konsertalbum med mange av dei same songane: Aloha from Hawaii: Via Satellite.

Konserten på dette albumet var kveldsshowet. Eit show på ettermiddagen vart òg spelt inn, men utanom ein versjon av «I Can't Stop Loving You», som kom ut på samlealbumet Welcome to My World i 1977, vart ikkje denne konserten gjeven ut før i 1990-åra, då han kom ut som An Afternoon in the Garden.

Trommeslagaren Ronnie Tutt hevda i eit intervju i 2009 for BBC-dokumentaren Elvis in Vegas at Colonel Tom Parker skrudde opp farten på miksane for å få plass til fleire songar på albumet, og dermed auke forlagshonorara sine. Dette er derimot aldri blitt bevist.[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Also sprach Zarathustra» (introduksjon, tema frå 2001: A Space Odyssey)Richard Strauss1:06
2.«That's All Right»Arthur «Big Boy» Crudup2:14
3.«Proud Mary»John Fogerty2:35
4.«Never Been to Spain»Hoyt Axton3:36
5.«You Don't Have to Say You Love Me»Pino Donaggio, Simon Napier-Bell, Vito Pallavicini, Vicki Wickham2:03
6.«You've Lost That Lovin' Feelin'»Barry Mann, Phil Spector, Cynthia Weil4:11
7.«Polk Salad Annie»Tony Joe White2:57
8.«Love Me»Jerry Leiber og Mike Stoller1:38
9.«All Shook Up»Otis Blackwell, Elvis Presley1:04
10.«Heartbreak Hotel»Mae Boren Axton, Tommy Durden, Elvis Presley1:44
11.«(Let Me Be Your) Teddy Bear» / «Don't Be Cruel» (medley)Kal Mann, Bernie Lowe / Otis Blackwell1:50
12.«Love Me Tender»Vera Matson, Elvis Presley1:38
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Impossible Dream (The Quest)»Joe Darion, Mitch Leigh2:35
2.«Introductions by Elvis»1:27
3.«Hound Dog»Jerry Leiber og Mike Stoller1:55
4.«Suspicious Minds»Mark James4:23
5.«For the Good Times»Kris Kristofferson3:03
6.«An American Trilogy»Mickey Newbury4:28
7.«Funny How Time Slips Away»Willie Nelson2:41
8.«I Can't Stop Loving You»Don Gibson2:37
9.«Can't Help Falling in Love»Luigi Creatore, Hugo Peretti, George David Weiss2:34
10.«End Theme»0:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «Elvis Presley As Recorded at Madison Square Garden». AllMusic. Henta 8. desember 2016. 
  2. Christgau, Robert. «Elvis Presley (Consumer Guide Reviews)». robertchristgau.com. Henta 8. desember 2016. 
  3. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  4. «Elvis Presley: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 18. september 2013. Henta 8. desember 2016. 
  5. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 147–48. ISBN 1-84353-417-7. 
  6. Ronnie Tutt. (01-03-2010). Elvis in Vegas. [Television program]. United Kingdom: BBC. 


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]