Asalapodja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Asalhapodja)
Hopp til navigering Hopp til søk
Omvandring av tempelet Wat Khung Taphao nord i Thailand under asalapodja.
Foto: Tevaprapas Makklay

Asalapodja eller dhamma-dagen[1] er ei theravada-buddhistisk høgtid til minne om Buddha si første preike om den gylne middelvegen. Preika skal ha vore halden i parken Sarnath i Varanasi, og markerer byrjinga på sanghaen, den buddhistiske «samlinga» eller «samfunnet» av asketar eller truande. Dagen kan markerast ved å gje offer i buddhisttempel og høyra preiker.

Asalapodja fell på den femtande dagen for den veksande månen i den åttande månaden. I vestleg tidsrekning vil dette ofte vera i juli. Dagen er ein uposatha, kviledag. I Thailand er han ein offentleg høgtidsdag.

Dagen etter asalapodja tek tilbaketrekkingstida vassa til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Roger Whiting, Religions for today. Nelson Thornes, 1991

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Høgtida kan også kallast dhammacakka-dagen eller asalhapodja. Engelske skrivemåtar av «podja» kan vera puja og pooja.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Asalapodja