asamisimasa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
asamisimasa
OpphavOslo
Aktiv2001 -
SjangerSamtidsmusikk
PlateselskapAURORA, Sub Rosa, Dacapo
MedlemmerEllen Ugelvik (piano)
Tanja Orning (cello)
Kristine Tjøgersen (klarinett)
Håkon Mørch Stene (perkusjon)
Anders Førisdal (gitar)
Tidlegare medlemmerJanne Berglund (sopran)

Rolf Borch (klarinett)
Heloisa Amaral (piano)

[1] <br / Los Angeles Times, 28.02.12: Music review: U.S. debut of Norway's asamisimasa at Zipper Hall (engelsk). Vitja 08.11.13 </ref>
PrisarSpellemannprisen i samtidsmusikk, Spellemannprisen i samtidsmusikk

asamisimasa er ei prisløna norsk musikkgruppe som spelar samtidsmusikk. Dei kombinerer framføringar i det klassiske repertoaret med etterkrigs-avantgarde, og nyttar også elektronikk, video eller andre media på konsertane sine. Gruppa består i dag av seks høgt utdanna musikarar [2] og vann Spellemannprisen 2012 i kategorien for nettopp samtidsmusikk for debutplata deira, Pretty Sound.

Det var gitaristen Anders Førisdal, perkusjonisten Håkon Mørch Stene og sopranen Janne Berglund som danna asamisimasa i 2001. Seinare vart gruppa utvida, og er no ein kvintett. Av di det er vanskeleg å leva av samtidsmusikk i Noreg, er fleire musikarane aktive i andre ensemble. [3]

Gruppa framfører komposisjonar av ei lang rekkje klassiske komponistar og samtidskomponistar, m.a.: Ludwig van Beethoven, Alban Berg, Johannes Brahms, John Cage, Aldo Clementi, Marcel Duchamp, Brian Ferneyhough, Helmut Lachenmann, Erik Satie, Arnold Schönberg, Karlheinz Stockhausen, Igor Stravinskij og Edgard Varèse. Også verk av fleire norske komponistar står på repertoarlista til asamisimasa, m.a.: Mark Adderley, Eivind Buene, Lars Petter Hagen, Bendik Hagerup, Magne Hegdal, Sven Lyder Kahrs, Ole-Henrik Moe jr., Trond Reinholdtsen, Knut Olaf Sunde og Øyvind Torvund. [4] Gruppa framfører også verk som er spesialskrivne for asamisimasa. [5]

Debutplata Pretty Sound bestod utelukkande av verk av den danske komponisten Simon Steen-Andersen. [6]Pretty Sound vann Spellemannprisen 2013, var det tre nominerte plater i kategorien. Ei av konkurrentane til Pretty Sound var soloplata til gruppas dåverande klarinettist, Rolf Borch, men den nådde altså ikkje opp.

Dei tolv åra gruppa har eksistert til no, har vore svært aktive både i inn- og utland. Sommaren 2004 hadde dei konsert i Gobiørkenen i Mongolia Mellom anna har dei opptredd på Ultimafestivalen i Oslo, der dei i 2004 urframførte heile fem nyskrivne verk. Same hausten var dei einaste utanlandske ensemble som vart invitert til å spela på Cutting Edge, konsertserien til det britiske musikkinformasjonssenteret BMIC. [7] Gruppa har elles opptredd i Los Angeles, San Fransisco, Darmstadt, Donaueschingen, Berlin, Borealisfestivalen i Bergen, samtidsmusikkfestivalen i Huddersfield og SPOR-festivalen i Århus. [8]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]