Asbest i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asbest
Асбест
Horisonten til Asbest
Flagget til Asbest Byvåpenet til Asbest
Flagget til Asbest Byvåpenet til Asbest


Plassering
Asbest i Russland is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Sverdlovsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1889
1933
Borgarmeister Valeri Belosjeikin
Geografi
Flatevidd
 - By

107 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

71 900
  672 /km²
Koordinatar 57°00′00″N 61°28′00″EKoordinatar: 57°00′00″N 61°28′00″E
Høgd over havet 220 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 624260–624273
Retningsnummer (tlf) (+7)34365
Nettstad: www.asbest.ru

Asbest (russisk Асбе́ст) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 70 000 innbyggjarar. Byen ligg på austsida av Uralfjella, ved elva Bolsjoj Reft, ei sideelv til Pysjma frå høgre, 60 km nordaust for Jekaterinburg.

Byen vart grunnlagt i 1889 med namnet Kudelka (russisk: Куделька). Han fekk bystatus i 1933 og namnet vart samstundes endra til det noverande Asbest, etter asbestindustrien i byen.

Dagens Asbest er eit stort industrisenter, der det i tillegg til asbest mellom anna vert produsert teglstein, porselen, møblar og metallkonstruksjonar. Den største industriverksemda er Uralasbest. Av dei andre fabrikkane i byen er UralATI, Zaretsjnyj og Asbostroj.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.