Asbjørn Øverås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Asbjørn Øverås
Fødd 4. april 1896, Nesset
Død 13. oktober 1966, Trondheim

Asbjørn Øverås (4. april 189613. oktober 1966) var ein norsk skolemann og historikar. Han var rektor ved Orkdal landsgymnas 1923–38 og ved Trondheim Katedralskole 1938–66.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Øverås hadde sin første lærarjobb i heimbygda Eresfjord berre 18 år gammal. Han tok så artium, jobba ei tid som journalist og litt som lærar. Han tok til på jusstudiet, men vende attende til skolen. I 1923 blei han styrar ved eit nyoppretta privat landsgymnas i Follo i Orkdal. Han blei mag.art. i 1929, og dr.philos. i 1937 med ei avhandling om Bjørnstjerne Bjørnson og Romsdalen.

I 1938 tok han over embetet som rektor ved Trondheim katedralskole. Under andre verdskrigen blei han av styresmaktene forvist til Stavanger i nokre år. Etter krigen søkte han eit professorat ved Noregs lærarhøgskole, men han blei ikkje vurdert som kvalifisert til dette.

Øverås var godt kjent i skulekretsar. Han var ein periode leiar for nordiske rektormøte og redaktør for Norsk pedagogisk tidsskrift. I 1953–54 hadde han et studieopphald i USA. Dette resulterte i boka Indianarar og indianarproblem i Sambandsstatane (1955). Han var seinare skolerådgiver for Unesco i Indonesia.

Øverås har eit stort og mangfaldig forfattarskap. Mest kjent er nok noregshistoria han skreiv for gymnaset samman med John Midgard. Den kom i sju utgåver. Han var òg medforfattar i eit historieverk for ungdomsskolen, og han var hovudredaktør for Trondheim katedralskoles historie.

I 1953 blei han utnemnd til riddar av første klasse av St. Olavs Orden. Øverås var formann i Noregs Mållag frå 1949 til 52.[1]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1928 Romsdals soga. 1 : Fornalderen og sogetida, Brun
  • 1936 I Bjørnsons fote-far : "Faderen" og "En glad gut", Gyldendal
  • 1941 Romsdals soga. 2 : Dansketida, Brun
  • 1942 Olav Gullvåg, Norli
  • 1949 Frederik Moltke Bugge: Kulturarbeid og kulturstrid i 1830-40 åra, Aschehoug
  • 1955 Indianarar og indianarproblem i Sambandsstatane, Aschehoug

Biografi[endre | endre wikiteksten]

  • Trygve Ræder: Asbjørn Øverås i profil. Det Norske Samlaget 1976.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Asbjørn Øverås. Allkunne.no. Vitja 31. desember 2011.