Asbjørn Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asbjørn Andersen
Fødd14. juli 1941
Holt kommune
Død16. mars 1994 (52 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1973–1977)
  • vararepresentant til Stortinget (1981–1985)
  • stortingsrepresentant (1985–1989)
  • vararepresentant til Stortinget (1989–1993) Sjå dette på Wikidata

Asbjørn Andersen (14. juli 194116. mars 1994) var ein norsk kontorarbeidar, byråkrat og politikar frå Holt i Aust-Agder som representerte Arbeidarpartiet og Aust-Agder på Stortinget 1985-89.

Andersen var son til ein sliperiarbeidar. Sjølv gjekk han handelsskule og tok examen artium. Der etter arbeidde han 1960-62 i industrien og var sjømann. Frå 1963 til 1970 var han tilsett ved Arendal kemnerkontor. Sidan 1971 arbeidde han som kommunekasserar i dåverande Tromøy kommune, siste åra også som økonomisjef i kommunen.

Valperioden 1964-67 var Andersen medlem i Arendal bystyre. Sidan, 1976-79, kom han med i det fyrste direktevalde fylkestinget i [[Aust-Agder], der han også fekk plass i fylkesutvalet.

Andersen var kandidat for Arbeidarpartiet i Aust-Agder ved alle fem stortingsvala i tida 1973 til 1989. Berre ved eitt av desse vala lukkast han få ein stortingsplass. Etter stortingsvalet 1985 tok han plass på Aust-Agderbenken og var medlem i [Forbrukar- og administrasjonskomiteen]] til 15. mai 1986. Då Gro Harlem Brundtland rykte inn på statsministerkontoret tidlegare i mai, flytta Arbeidarpartiet om på representantane i Tinget og Andersen hadde resten av perioden sete i Kommunal- og miljøvernkomiteen. Elles var Andersen vararepresentant til Stortinget i tre periodar. Han var i fleire år landsstyremedlem i Arbeidarpartiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]