Asbjørn Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Asbjørn Hansen
Fødd 29. mai 1930
Sarpsborg
Død

25. mars 2017
Sarpsborg

Yrke fotballspelar

Asbjørn Hansen (29. mai 193025. mars 2017)[1]var ein norsk landslagsmålvakt i fotball og cupmeister med IL Sparta i 1952. I tida 1952-61 spelte han 52 landskampar for Noreg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hansen debuterte på det norske landslaget i ein bortekamp mot Jugoslavia i Zagreb 25. juni 1952, tre veker før dei to landa begge reiste til Sommar-OL i Helsinki. Hansen var med i OL-troppa, men det var veteranen Tom Blohm som fekk vakte målet då Noreg tapte 1-4 mot Sverige og vart utslått i 1. runde. Etter olympiaden var han jamnaste fyrstevalet som Noregs målvakt i ti sesongar framover, bortsett frå 1958-sesongen.

Hausten 1952 var Hansen ei viktig brikke då IL Sparta opplevde å gå heilt til NM-finalen, der laget vann 3-2 over eit anna overraskingslag, Solberg IF frå Buskerud. Han spelte på Sparta til laget i 1958 enda sist i Hovudserien. Sidan stod han i mål hos byrivalen Sarpsborg Fotballklubb til han la opp.

«I sine største kamper leverte Asbjørn Hansen keeperspill av høyeste europeiske klasse». Han «grep resolutt og befriende inn i prekære situasjoner, arbeidet glimrende i feltet og ga klar beslkjed når han dirigerte sine forsvarsspillere», skriv Magnus Breili i Fotballboken.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister: 1952 med IL Sparta

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Asbjørn Hansen er død». Sarpsborg Arbeiderblad. 28. mars 2017. Henta 31. mars 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]