Asbjørn Lillås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asbjørn Lillås
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. april 1919
Nøtterøy kommune
Død

26. mai 1983 (64 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Asbjørn Lillås (19. april 191926. mai 1983) var ein norsk arbeidsmann og politikar frå Nøtterøy som representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1961 til 1973.

Lillås var son til ein sjømann og var sjølv til sjøs ei tid. Frå 1937 var han tilsett ved Kaldnes mek. verksted A/S i Tønsberg, der han var personalsjef 1958-61. Perioden 1952-63 var han medlem i Nøtterøy kommunestyre, siste ti åra som formannskapsmedlem. Han var styreformann i Nøtterøy elektrisitetsverk 1959-63.

Ved stortingsvalet i 1961 vart Lillås vald til stortingsrepresentant frå Vestfold for Arbeidarpartiet. Sidan vart han attvald i 1965 og -69. På Tinget var han 1961-65 medlem i Finans- og tollkomiteen og der etter 1965-73 i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]