Asbjørn Sjøthun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asbjørn Sjøthun

Fødd20. juli 1927
Balsfjord kommune
Død28. mars 2010 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Asbjørn Sjøthun (20. juli 192728. mars 2010) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Balsfjord i Troms. Han var stortingsrepresentant frå Troms og for Arbeidarpartiet i perioden 1969–89.

Etter han gjekk Troms landbruksskole på Gibostad vinteren 1947/48, var Sjøthun lærarvikar i folkeskulen i Balsfjord og Storfjord fram til 1951. Han tok då over farsgarden Vollan i Balsfjord og dreiv denne i fleire tiår.

Sjøthun var medlem i heradsstyret i Balsfjord i fire samfulle periodar, 1956-71. Han var ordførar i Balsfjord i tida 1962 til 1969, då han vart vald til stortingsrepresentant for Troms fylke. Med attval i 1973, -77, -81 og -85 hadde Sjøthun sete i Stortinget i 20 år. Alle tjue stortingssesjonane var han med i Landbrukskomitéen. Han var ordinær medlem dei fyrste åtte sesjonane, dei neste åtte var han sekretær og dei fire siste leiar i komiteen.

Fram til 1992 var Sjøthun disponent for Troms Skogeierforening.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]