Ascension

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ascensionøya)
Ascension
   
Det britiske flagget Det britiske riksvåpenet
Kart over Ascension.
Kart over Ascension.
Status britisk oversjøisk territorium
Dronning
Guvernør
Administrator
Elizabeth II
Mark Capes
Colin Wells
Hovudstad Georgetown
Offisielt språk Engelsk
Areal

- % vatn

88 km²

0

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 1100[1] (2003)
ca. /km²

Verdsdel Afrika
Internet-domene .ac
Tidssone UTC GMT
Internasjonal telefonkode +247
Nasjonalsong God Save The Queen

Ascension (engelsk: Oppstigning, himmelfart) er eit britisk oversjøisk territorium i det sørlege Atlanterhavet. Øya ligg sør for ekvator på 7. breiddegrad, ca 1600 km aust for kysten av Afrika og 2250 km vest for kysten av Brasil. Tidlegare låg øya under det britiske territoriet St. Helena, men frå og med 2009 er det del av eininga St. Helena, Ascension og Tristan da Cunha, der dei tre britiske øyane har jamstilt makt. Georgetown er både hovudstad og største byen på øya. Ifylgje Store Norske leksikon budde det 560 menneske i Georgetown i 2003. Den vesle Boatswain Bird Island som ligg 270 meter aust for Ascension, høyrer også med til territoriet. Denne øya er folketom, men husar store mengder sjøfugl.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ascension på kartet.

Offisielt vart øya oppdaga av den portugisiske sjøfararen Afonso de AlbuquerqueKristi himmelfartsdag i 1503. Han kalla difor øya opp etter den kristne høgtidsdagen. Tidlege kjelder skildrar øya som gold og turr, men her fanst sjøfugl og store havskjelpadder som sjøfolka jakta på. Ascension hadde ingen fast busetnad før i 1815, då Napoleon Bonaparte vart plassert på St. Helena som livstidsstraff. 22. oktober det året kom britane og gjorde øya til ein del av Storbritannia. Frå 1922 til 2009 var Ascension underlagt den britiske øya St. Helena. Øya er i dag eit viktig kommunikasjonssenter for Storbritannia, med radiosendar, satellittkommunikasjon og amerikansk flybase.[1]

Natur[endre | endre wikiteksten]

Ascension er ei vulkansk øy, og den opphavlege floraen på øya var truleg ikkje svært stor. Mesteparten av dette voks rundt det høgste fjellet på øya, Green Mountain. Etter at europearane hadde innført geiter, rotter, kaninar og esel, åt dyra opp det meste av plantelivet her, og på 1800-talet var det få vekster att på øya. I 1843 føreslo botanikaren Joseph Hooker å innføra nye treslag til øya for å avskjera fuktig luft og slik få meir nedbør, og for å motverka erosjon. I dag er floraen på øya annleis enn han var den gongen. Det er vanskeleg å få noko til å veksa i dei karrige låglanda, men rundt Green Mountain veks det no ein frodig skog som resultat av arbeidet til Hooker. I 2005 vart Green Mountain gjort til nasjonalpark, og ein freistar særskilt å ta vare på dei endemiske planteslaga som enno finst på øya. Fordi det fanst så få opphavlege plantesortar her, må ein prøva å gje best moglege kår for det nye økosystemet på øya. Framleis blir øya årleg vitja av havskjelpadder som legg egg her i perioden januar til mai.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]