Aserbajdsjanarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utbreiinga av aserbajdsjansk. ██ Område der aserbajsajansk er majoritetsspråk ██ Område der aserbajsajansk er språket til ein større majoritet.

Aserbajdsjanarar (eiga nemning Azərbaycanlılar, Azərbaycan Türkləri) er eit tyrkisk folkeslag. Dei bur stort sett i Nordvest-Iran og i Aserbajdsjan. Dei bur òg i mindre tal i det austre Tyrkia, i Dagestan (der dei blir kalla «derbent-turkmenarar») og i Georgia (der dei blir kalla «tatarar»).

Folkegruppa vart tidlegare rekna til «turko-tatarene» (som også høyrde til dei tyrkiske folkeslaga) og i tråd med dette vart dei kalla kaukasus-tatarer, men også turkmenarar.

Religion[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til dei andre muslimske tyrkarfolka i regionen vedkjenner dei fleste aserbajdsjanarar seg til sjiaislam og ikkje til sunni-retninga av islam. På grunn av dette skil ein i Tyrkia mellom Tyrkia-tyrkarar og Aserbajdsjan-tyrkarar (tyrkisk Şii türkler).

Tal[endre | endre wikiteksten]

På verdsbasis finst det cirka 35–45 millionar aserbajdsjanarar. Rundt 8,5 millionar av dei bur i Aserbajdsjan og 23,5 millionar i Iran.[1] 24 % av innbyggjarane i Iran er aserbajdsjanarar.

Over 300 000 aserbajdsjanarar bur i Georgia og 282 700 i Russland, og dessutan bur over 860 000 i dei andre tidlegare sovjetrepublikkane. I Armenia bur det rundt 84 000 aserbajdsjanarar, medan det bur 78 000 i Kasakhstan. I Tyrkia bur det rundt 530 000 aserbajdsjanarar i provinsen Kars.

4 000 aserbajdsjanarar bur òg i Jordan og 30 000 i Syria, der dei hovudsakleg blir kalla «tyrkarar» eller «turkmenarar».

Den irakiske folkegruppa på 180 000 menneske som blir kalla «turkmenarar», høyrer språkleg inn under aserbajdsjanarane.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jacob M. Landau, Barbara Kellner-Heinkele: Politics of Language in the Ex-Soviet Muslim States: Azerbaijan, Uzbekistan, Kazakhstan, Kyrgyzstan, Turkmenistan, Tajikistan, 2001, ISBN 1-85065-442-5