Aserbajdsjansk natur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Armenialilje (Lilium szovitsianum) i Shahdag (Şahdağ) nasjonalpark aust i Aserbajdsjan.
Dyr på aserbajdsjanske frimerke frå 2014.

Aserbajdsjansk natur forandrar seg etter tilhøva i høglandet og låglandet. Landet har Kaspihavet i aust, fjellkjeda Store Kaukasus og Talysj-fjella i nord og aust og Litle Kaukasus i vest. Elles er mykje av landet slettelandskap med eit nokså tørt klima.

I låglanda og dei lågare delane av fjellandskapet er landskapet steppe eller halvørken. Her finst det dyr som gaselle, sjakal og hyene.[1]

I Lenkoran-regionen og i fjella finst det skog av bøk, eik og furu. Lenger opp i fjella går vegetasjonen over til alpin tundra. Her lever det kaukasushjort, rådyr, visent, gemse, villsvin, brunbjørn, gaupe og sjeldne leopardar.[1]

Sidan 2003 har landet fått 10 nasjonalparkar: Abşeron, Ağ göl, Altıağac, Gizilaghaj, Göygöl, Hirkan, Samur-Yalama, Şahdağ, Şirvan og Zəngəzur. Det finst også ei rekkje naturreservat, som til saman omfattar rundt 2,5 % av landet.

Karabakh-hesten er eit nasjonalsymbol for landet. Han er knytt til Karabakh-regionen, og reflekterer grasslettene i landet og det tradisjonelle nomadiske livet til aserbajdsjanarar.[2]

Kongeørn held til i fjellområde som Nakhitsjevan. Fuglen er ein gjengangar på frimerke og kort frå Aserbajdsjan.

Pattedyr[endre | endre wikiteksten]

Det er registrert 107 pattedyrartar i Aserbajdsjan. Tre av dei er særeigne for landet.

Nokre døme er villgeit, muflon, gemse, aust-kaukasisk steinbukk (Capra cylindricornis), vest-kaukasisk steinbukk (Capra caucasica syn Capra caucasica caucasica[3]), persiagaselle (Gazella subgutturosa), brunbjørn, gullsjakal, ulv,steppeulv, stripehyene, jungelkatt (Felis chaus), kaukasisk villkatt (F. silvestris caucasica) og ei rekkje flaggermusartar, som skimmelflaggermus og brunlangøyre.

Fuglar[endre | endre wikiteksten]

Fuglar, mellom anna rosenflamingoar, i Shirvan.

Aserbajdsjan har eit rikt fugleliv. Det er registrert 363 fugleartar i landet frå rundt 60 familiar. Rundt 40 % av artane er bufaste i landet, medan 27 % av dei overvintrar her og 10 % vitjar landet under trekk.

Dei milde vintrane ved Kaspihavet gjer at mange ande- og vadefuglar held til her om vinteren. Andre vitjar sjøen under trekket sitt om våren og hausten.[4] Det finst også flamingoar, hegrar, pelikanar, svaner, sniper og rapphøner i landet.[1]

Fiskar[endre | endre wikiteksten]

I Kaspihavet, mindre innsjøar og elvar finst det 97 fiskeartar. 8 er introduserte artar. Dei fleste fiskane er anadrome eller halv-anadrome, det vil seia at ung fisk veks opp i saltvatn og vandrar til ferskvassområde for å yngla. Dei viktigaste fiskeslag økonomisk sett er laks, stør og belugastør.

Både størarten Acipenser stellatus og belugastør (Huso huso) er kritisk truga grunna overfisking.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Det finst 52 reptilartar i Aserbajdsjan, dei fleste i halvørkenområde i Shamakhi og Nakhitsjevan.

Ein har funne ti amfibieartar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Evgeny Dmitrievich Silaev; Edward Allworth (8. oktober 2019). «Azerbaijan. Plant and animal life». Encyclopædia Britannica. 
  2. Wither, Emily. «Azerbaijan fights to protect horse from extinction». CNN. Henta 27. januar 2018. 
  3. West Caucasian tur
  4. «Plante- og dyreliv i Aserbajdsjan». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 29. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aserbajdsjansk natur