Asgeir Borgemoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asgeir Borgemoen

Fødd26. juli 1971 (52 år)
FødestadFåvang
OpphavNoreg
Verka sommusikar, programleiar
PrisarSpellemannprisen for årets barneplate

Asgeir Borgemoen (fødd 26. juli 1971 på Fåvang) er ein norsk programleiar, skodespelar og artist. Han er mest kjend som Asgeir - Sjefen over alle sjefar frå Barne-TV-serien Fritt Fram som gjekk på NRK i perioden 1999–2001. Frå serien vart det gjeve ut to musikkalbum med Asgeir som vokalist og hovudartist og Jørund Fluge Samuelsen frå Trang fødsel som musikalsk medhjelpar. Det fyrste albumet, Fritt Fram, vann Spellemannprisen 2000 i klassa barneplate.

Borgemoen var òg programleiar for den norske utgåva av Extreme Makeover: Home Edition som gjekk på TV3 i 2005. Som skodespelar er han mest kjend for å ha gjeve stemme til hovudpersonen i dei norske utgåvene av Shrek-filmane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]