Asger Jorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Asger Jorn fotografert av Erling Mandelmann i 1963.

Asger Oluf Jorn (fødd Asger Oluf Jørgensen3. mars 19141. mai 1973) var ein dansk biletkunstnar og forfattar. Han var medlem av den internasjonale kunstnargruppa COBRA og ein av grunnleggjarane av den Situasjonistiske Internasjonale i 1957.

Måleriet Stalingrad av Jorn er teke med i den danske kulturkanonen.[1] Måleriet heng saman med mange verk av Jorn, som biletteppet Den lange rejse, på Museum Jorn i Silkeborg.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Asger Jorn var fødd som Oluf Jørgensen i Vejrum vest på Jylland som son av Maren og Lars Peter Jørgensen. Han var den nest eldste i ein syskenflokk på fire gutar og to jenter som blei fødd i tidsrommet 1912–1920.[2] Faren døydde uventa i 1926, og mora måtte forsørga dei seks ungane på ein liten pensjon. Familien flytta til Silkeborg i 1929. Her utdanna han seg til lærar.[3]

Kunstnaren tok ettnamnet Jorn i 1945.[4] To av brørne hans, Jørgen Nash og Vagn Ove Jorn, blei også kunstnarar. Med tida oppstod det eit kunstnarisk, praktisk og økonomisk samarbeid mellom Jorn og Jørgen, den yngste i syskenflokken; dette samarbeidet tok slutt i 1962.[5]

Kunstnar[endre | endre wikiteksten]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Det synte seg tidleg at Jorn var ein gåverik teiknar, illustratør og målar. Han debuterte som utstillar med to figurstudiar og eit lite landskapsmåleri i oktober 1933 på ei utstilling for Frie jyske malere i byen Silkeborg på Jylland i Danmark.[6] I 1936 reiste han til Paris, der han vart elev på skulen til kunstnaren Fernand Léger, Atélier de l'Art contemporain. Skulen blei driven av den russiske målerinna Nadia Khodassevitch, den seinare kona til Léger, men Léger sjølv var innom på stutte vitjingar mest kvar dag.[7] Jorn blei påverka både av Léger sin strenge, naturtru stil og den nye surrealismen framheva av kunstnarar som Joan Miró, Max Ernst og Jean Arp og av primitiv kunst. Litterært fann han inspirasjon frå Franz Kafka på denne tida, og blei den første som omsette Kafka til dansk.[3]

Skort på pengar at Jorn tok på seg arbeidsoppdrag som dei pågåande førebuingane til verdsutstillinga i Paris i 1937 gav høve til. Saman med målarane Pierre Wemaëre og Grekoff realiserte han Légers skisser til eit 4,90 x 8,70 meter stort måleri som var tinga til utstillinga. Dette førte til at han kom i kontakt med arkitekten Le Corbusier, og han fekk då ei interesse for arkitektur og samspelet mellom arkitektur og biletkunst som skulle vare ved heile livet. Ei anna hending med langtidsverknad ser det ut til å ha vore for Jorn å få sjå Pablo Picassos nymåla bilete Guernica under ein rundtur på verdsutstillinga saman med Léger og dei andre elevane opningsdagen 12. juli 1937, før han seinare den same sumaren reiste han attende til Danmark.[8]

Etter heimkomsten skreiv Jorn seg inn på kunstakademiet i København som elev hjå Aksel Jørgensen, men fekk ei ytst sjølvstendig haldning til undervisninga. Han freista lære seg frescoteknikken, truleg våren 1938, men nytta aldri metoden seinare. Likevel kan røynslene med denne teknikken ha gjeve seg utslag i kunsten hans, for den same våren gav han avkall på den glatte overflatestrukturen måleria hadde hatt fram til no, og kasta han seg ut i stofflege eksperiment, som å dra ein kam gjennom fargen etter føredøme av kubistisk måleri, og å nytte element av collage.[9]

Krigsåra[endre | endre wikiteksten]

Jorn hadde alt i ungdomstida markert seg som tilhengar av kommunistisk ideologi. Fascinasjonen for den avantgardistiske og venstreorienterte sida av fransk kulturliv veks seg sterk i han. Han vart intenst engasjert i dei ideane han hadde blitt kjent med under dei mange opphalda han hadde i Frankrike, og medveten om at den franske skoleringa i formell klårleik hadde gjeve han kunstnariske føremoner. Ikkje minst av di han vart utan kontakt med Europa under verdskrigen og den tyske okkupasjonen av Danmark 1940-45, og difor vart ståande aleine med spørsmåla sine om surrealismen og korleis denne retninga skulle utviklast vidare, vart krigstida eit hardt slag for han kunstnarisk. Så det i krigsåra ikkje mykje anna enn dansk kunst å sjå, og det nasjonale hadde dessuten vorte einstydande med fridom og sjølvstende, vart det viktig for han å skape eit samband mellom den danske kunstnariske tradisjonen og dei impulsane han hadde motteke i Paris.[10]

I desember 1940 offentleggjorde Jorn og kunstnaren Egill Jacobsen ein avisartikkel som gjekk til rette med den avvisande haldninga i dansk kunstkritikk til det abstrakte biletspråket, og det skulle syne seg at andre kunstnarar støtta dei. På denne tida var desse to òg i gang med å planlegge eit tidsskrift, Helhesten, der dei skulle forsvare og utvikle ideane sine; det fyrste nummeret låg føre i 1941. Tidsskriftet kom til å innehalde bidrag om ulike uttrykksformer i dansk kunst, til ein viss mon òg dansk lyrikk, og batt saman den yngre og den eldre generasjonen av biletkunstnarar.

Etter krigen kunne Jorn konstatere at okkupasjonstida hadde gjeve eit blømande liv for moderne dansk kunst som fylgje av at heile det danskinnstilte kulturlivet hadde stått saman om å verne eksperimenteringa i biletkunsten mot nazistiske inngrep, og at grotida under krigen gjorde det mogleg å stadfeste eit fargesyn som baserte seg på dei naturlege føresetnadene i dansk måleri: grunnlaget var lagt for dansk deltaking i den komande internasjonale utviklinga.[11]

Tida fram til etableringa av kunstnargruppa COBRA[endre | endre wikiteksten]

I august 1945, utstyrt med nytt pass og sitt heilt nye etternamn, Jorn, reiste han til Gøteborg, seinare til Oslo og deretter til Stockholm, for å vende attende til København over Malmö. I Oslo møtte han kunstmålaren Johs. Rian, og målaren, forfattaren og kunstkritikaren Pola Gauguin, son av Paul Gauguin. Pola Gauguin var i arbeid med ei ny utgåve av sin Munch-biografi, og ei bok om Munchs grafikk, der skildringa av Munch som ein bohem som støtt var på farten, men som likevel støtt returnerte til sitt Åsgårdstrand, skulle kome til å bli annektert av Jorn som mønster for eige liv. Men den eigentlege årsaka til Oslo-reisa, å vitje den store utstillinga som var opna i Nasjonalgalleriet i juli dette året, med over tre hundre av Edvard Munchs måleri mellom anna dei seinare verka hans, som nå vart stilte ut for fyrste gong, i tillegg til fleire grafiske arbeid, nemnde Jorn aldri. Jorn hadde ein viss kjennskap til Edvard Munchs kunst frå før, men inntrykka frå utstillinga vart so sterke at dei ikkje skulle utkrystallisere seg før langt seinare. Fleire av bileta kunne Jorn sjå att under ei stor Munch-utstilling i Rådhushallen i København i april året etter, der måleriet Natt frå 1925 skal ha vore blant dei som særleg gav inspirasjon til Jorns eigen biletkomposisjon og teknikk. Men mest avgjerande for Jorn skal sjølve innhaldet i Munchs kunst ha vore, dette å krinse inn dei store, sentrale tema i tilværet i ein kjede av bilete. Jorn opplevde på mange vis eit slektskap med Munch, trass i at liva deira var særs ulike.[12]

Stutt tid etter heimkomsten frå reisa til Noreg og Sverige, var Jorn på farten på nytt. Med tog reiste han gjennom utbomba byar til eit Paris som hadde vorte sentrum for den nye kunsten som var i ferd med å oppstå i Europa. Inntrykka etter opplevingane og møta med gamle og nye kjende, mellom anna med Picasso i Sør-Frankrike, og eit stutt opphald i Nederland på heimvegen, oppsummerte han etter heimkomsten med ord som at dei franske surrealistane no hadde fått ein litterær overvekt som gjorde at dei eksperimenterte med visjonar og draumar, ikkje med måleriet og fargen, mens den andre og nye hovudstraumen, som med utgangspunkt i Pierre Bonnard og Henri Matisse dyrka fargen, løynde dei konfliktane som surrealistane freista å avdekkje, og difor måtte overta denne gruppas målarmetode. Konklusjonen hans ser ut til å ha vorte at den tredje retninga, med spanjolen Picasso i brodden, representerte beingrinda til den kunsten som måtte skapast, medan surrealistane stod for musklane og dei franske koloristane huda og håret.[13]

Kunstnargruppa COBRA[endre | endre wikiteksten]

Neste ferd skulle gå til Frankrike og Nord-Afrika saman med hustru og born. Familien kom til Amsterdam 21. juni 1947, reiste til Frankrike 2. juli og slo seg ned på ein bondegard, der Jorn og hans gamle ven, målaren Wemaëre, arbeida saman på bildevevprosjekt. Jorn måla i denne tida bilete som anten var førearbeid til vevnader eller inspirerte av veveteknikken. Etter at Jorn hadde tatt del i ein konferanse i Brussel 29.-31. oktober om surrealistane og tilhøvet til den revolusjonære kommunistiske kunsten som Moskva aksepterte, reiste familien til Tunis i november og blei til ut i april 1948, då dei returnerte til Frankrike. Hustru og born reiste heim, men Jorn vart verande i Frankrike til mai. Og alt i slutten av september var han attende i Paris med bilete til utstillingar (som ikkje vart suksessrike), etter å ha vitja kunstnarane Constant i Amsterdam og Dotremont i Brussel på vegen.

Avantgarden eller surrealistane si haldning til dei krava den sovjetiske kulturpolitikken stilte, var no som før eit heitt tema blant kunstnarane i den kretsen Jorn kjende seg knytt til, og ein internasjonal konferanse vart arrangert enno ein gong. Jorn hadde på førehand offentleggjort standpunktet sitt i eit innlegg med tittelen «Kommunist og ytringsfrihed» i ei dansk avis, og i eit nytt innlegg med tittelen «Frihed og Sovjet» i den diskusjonen som oppstod etterpå. Det som interesserte han i Paris, var ikkje den politiske striden, men det kunstnariske. Dette poengterte han og Dotremont på andre dag av konferansen ved å måle nokre små bilete kombinert med tekst, som skulle presenterast som innlegg i diskusjonen, men innslaget møtte inga ålmenn forståing. Etter at konferansen var avslutta, den 8. november 1948, kom difor nokre av konferansedeltakarane saman for å slutte seg til ei stutt fråsegn som Dotremont hadde skrive framlegg til, der dei tok fråstand frå den avsluttande resolusjonen, og i vage vendingar gav til kjenne at dei ville arbeide saman. Fråsegna var underteikna av Dotremont og Joseph Noiret for Belgia, Jorn for Danmark, og Appel, Constant og Corneille for Holland. Før denne nyetablerte kunstnargruppa reiste kvar til sitt, fekk dei drøfta tanken om å gje ut eit tidsskrift. Eit av framlegga til namn på tidsskriftet, som seinare vart godteke til Jorns glede, var COBRA, etter forbokstavane i namna på hovudstadene i dei tre landa: Copenhague, Bruxelles, Amsterdam.[14]

Men på vårparten 1950 skulle det kome til beisk strid i COBRA, med Dotremont på den eine sida, og den hollandske gruppa, særleg Constant, på den andre sida, og med Jorn som den parten som i ei viss mon freista å jamna ut motsetnadene. I røynda hadde motsetnadene vore til stades heile tida, men fekk ny næring etter ei Cobra-utstilling på Stedelijk Museum i Amsterdam, opna i november 1949. I Amsterdam hadde dei gått til det steget å utvide Cobra med kunstnarar frå mange land, samla i ei rørsle som vart kalla International des Artistes Experimenteaux (IAE). Eit av stridsspørsmåla var framleis synet på tilhøvet mellom politikk og kunst, eit anna galdt Dotremonts krav om å spele ei dominerande rolle i redaksjonen av tidsskriftet i det heile, ikkje berre for dei numra som kom ut i Belgia. Jorn, som kravde sjølvstende for kvar gruppe i det einskilde landet, freista avbalansere synsmåtane, og det kom til ei viss avklåring frametter våren. Men i april 1951, då ei utstilling i Paris med Jorn, Appel, Corneille, Egill Jacobsen og Mogens Balle (som av vanskar med transporten ikkje fekk bileta sine fram i tide) vart opna med namnet Cinq peintres de Cobra («Fem Cobra-målarar»), var det klårt at Cobra-rørsla var i oppløysing; den hollandske gruppa var då nedlagd.[15]

Etter COBRA[endre | endre wikiteksten]

Kva kunstnarisk verknad den stuttliva COBRA-gruppa hadde for kunstutviklinga i samtida og seinare, er det i ettertid skilde meiningar om. Edward Lucie-Smith har til dømes hevda i si kunsthistorie at gruppa på mange vis ikkje stod for anna enn ei fornying og lenging av ei eldre tradisjon, ikkje ei heilt ny byrjing, og soleis ikkje fekk den innverknaden ein kunne ha rekna med.[16] I motsetnad til dette, har kunsthistorikaren Per Hovdenakk meint at mange av Cobras kunstnarar utfolda ein aktivitet og fornyingsappetitt som gjer det umogeleg å sjå på Cobra som berre eit tilbakelagt historisk fenomen.[17] I nyare tid tok interessa for COBRA seg opp, og det er ikkje rett å seie at den kunstnariske verksemda som deltakarane i gruppa stod for, har vore utan etterverknader.

Jorn måtte til tider tole fattigdom og naud, og har òg vore plaga med alvorleg sjukdom. Han braut saman i tuberkulose i april 1951 etter at han og hans nye kone, dei to døtra hennar og parets nyfødde barn hadde levd fleire månader i fattigdom i eit husvære i Det danske kunstnerhus i ein utkant av Paris. Ved hjelp av vener kom han seg til tuberkulosesanatoriet i Silkeborg i Danmark. Dei fyrste månadene på sanatoriet vart kritiske, og han kunne ikkje arbeide att før etter atten månader.

I september 1953 reiste Jorn med sin nye familie frå Danmark til Sveits på rekreasjon. Året etter drog dei til Albissola nær Genova i Italia, ein by med lange keramiske tradisjonar, der Jorn arbeida saman med mange kunstnarar frå fleire land i ein av keramikkfabrikkane. Fyrst budde familien i telt på stranda, seinare i kunstnaren Fontanas sumaratelier, som dei fekk låne.

I byrjinga av 1955 kjøpte Jorn eit femti rutemeter stort loft i Paris, som vart husvære for han og familien. Deretter budde dei i Paris om vinteren og i Albissola om sumaren, der Jorn seinare kjøpte seg eit hus. Det var i denne epoken av livet at Jorn markerte seg mellom anna med verk som det tretti meter lange og tre meter høge keramikkrelieffet til Århus Statsgymnasium, og i samarbeid med den gode venen Pierre Wemaëre, det fjorten meter langt veggteppet, Den lange rejse, som båe er rekna til hovudverka hans. Han slo nå for alvor gjennom som ein av dei fremste i internasjonal samanhang. Den engelske universitetslektoren og kunstamlaren Guy Atkins, som Jorn kjende, har teke arbeidet med å utarbeide ein komplett katalog over Jorns måleri.

Seinare liv og død[endre | endre wikiteksten]

I 1960-åra hadde Asger Jorn fleire internasjonale utstillingar. Han blei sambuar med Nanna Enzensberger, og dei to fekk ein son i 1971.

I januar 1973 blei han lagt inn på sjukehus med lungekreft. Kort tid etter gifta han seg med Enzensberger. I april reiste han til Albissola, der han overdrog huset sitt til kommunen og sikra at venen Umberto Gambetta og kona hans kunne bu i huset livet ut.[3]

Jorn døydde på sjukehuset i Århus 1. mai 1973. Urna med oska hans vart sett ned på kyrkjegarden ved Grötlingbo kyrkje på den svenske øya Gotland. Motiva i veggrelieffa på utsida av denne mellomalderkyrkja hadde oppteke han sterkt, ettersom dei er rekna for å syne episodar frå soga om Didrik av Bern.[18]

Samlingar[endre | endre wikiteksten]

Silkeborg Kunstmuseum (som i 2010 endra namnet til Museum Jorn, Silkeborg) mottok av Jorn som gåve til saman over 5 000 verk av 150 kunstnarar frå heile verda. Om lag 100 måleri, 100 keramiske arbeid, grafikk og teikningar var av hans eigen produksjon, og to av hovudverka hans, måleriet Stalingrad og biletvevnaden Den lange rejse (i samarbeidet med Wemaëre), er plassert sentralt i museet. Mange av dei kunstnarane som inspirerte Jorn er representert: Max Ernst, Picabia, Le Corbusier, Léger, og danske kunstnarar som mellom andre Ejler Bille, Bjerke Petersen, Carl-Henning Pedersen, Egill Jacobsen og, Heerup. Cobragruppa er representert ved Aleschinsky, Appel, Constant, Reinhoud, Wolvecamp, og frå 1950-talet mellom andre Baj, Dubuffet, Gallizio, Lam, Matta, Michaux, Wemaëre, Gruppe Spur. To store, utvendige veggfelt i keramikk er gjeve museet av Jean Dubuffet og Pierre Alechinsky.

Jorn er representert i dei offentlege kunstmusea i Trondheim, Bergen og Oslo. Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden i Bærum har motteke kunst av Jorn i gåve.[19]

10 000 års nordisk folkekunst[endre | endre wikiteksten]

Til Jorns livsverk som biletkunstnar høyrer òg ideane og planane om bokserien 10000 års nordisk folkekunst. I 1961–1963 tok han opp att sin gamle kongstanke om å presentere den nordiske kunsten frå oldtida og mellomalderen i ei bokserie, og å etablere eit senter for studiar av denne kunsten: Skandinavisk Institut for Sammenlignende Vandalisme (SISV). For eigne pengar engasjerte han den franske meisterfotografen Gérard Franceschi (1915-2001), ein av dei mest framståande spesialistane i verda på fotografering av kunstverk, og saman oppsøkte dei i åra 1963-1964 bygningar og musé for å fotografere dei objekta som var aktuelle for bokserien og eit fotoarkiv som skulle verte fyrste steg i etableringa av senteret. Denne førebuande aktiviteten resulterte i 25 000 fotografi, som er arkivert på Silkeborg Kunstmuseum.

Bokserien var planlagt i ei mengd band som skulle vere kunstnarisk utforma av Jorn, og med fotografia utvald og redigert av han. Teksten til kvart band skulle skrivast av kjende fagfolk. Men av fleire årsaker vart ikkje planen realisert; Jorn ga opp prosjektet i 1965, og skreiv deretter bøker om utvalde emne. Då han døydde, hadde han berre fått valt ut og redigert fotografia til eit fåtal av banda. Gérard Franceschi hadde teke svartkvitt-fotografi medan grafisk utforming og bilderedigering (komposisjon) var ved Asger Jorn. Bøkene er langt seinare utgjevne med tekst av forfattarar som vart engasjert av Silkeborg Kunstmuseum i samarbeid med Borgens Forlag i Valby i København. Kvar av desse bøkene ligg føre på det av dei skandinaviske språka som kvar av forfattarane har som sitt eige, og er utgjevne på Borgens Forlag. Dei er dessutan utgjevne i engelsk eller tysk omsetjing på eit forlag i Køln i Tyskland, Verlag der Buchhandlung Walter König.

Bøker publiserte i serien 10.000 års nordisk folkekunst[endre | endre wikiteksten]

  • Mennesker, guder og masker - i nordisk jernalderkunst, band 1 om nordisk jarnalderkunst; Tove Nyholm har samordna Asger Jorns to versjonar av biletredigeringa; norsk tekst: Bente Magnus; Copenhagen Valby 2005. ISBN 87-21-02600-9
  • Fuglen, dyret og mennesket - i nordisk jernalderkunst, band 2 om nordisk jarnalderkunst; Tove Nyholm har samordna Asger Jorns to versjonar av biletredigeringa; norsk tekst: Bente Magnus; Copenhagen Valby 2005. ISBN 87-21-02601-7
  • Samisk folkekunst, dansk tekst: Tinna Møbjerg og Jens Rosing; Copenhagen Valby 2005. ISBN 978-87-21-02512-0
  • Stavkirkene - og det norske middelaldersamfunnet, norsk tekst: Oddgeir Hoftun; Copenhagen Valby 2002. ISBN 87-21-01977-0
  • Folkekunst i Grønland gennem 1000 år, dansk tekst: Tinna Møbjerg og Jens Rosing; teikningar: Jens Rosing; foto: Gérard Franceschi, assistert av Ulrik Ross. Copenhagen Valby 2001. ISBN 87-21-01483-3
  • Nordens gyldne billeder fra ældre middelalder, dansk tekst: Poul Grinder-Hansen; Copenhagen Valby 1999. ISBN 87-21-00389-0
  • Skånes stenskulptur under 1100-talet, svensk tekst: Erik Cinthio; Copenhagen Valby 1995 [fyrste utgåve i lite opplag 1965]. ISBN 87-21-00098-0

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Om «Stalingrad» hjå Kulturkanonen
  2. Andersen 1994:9
  3. 3,0 3,1 3,2 asger jorns biografi (1914 - 1973), Museum Jorn, Silkeborg, http://www.museumjorn.dk/da/asger_jorn.asp 
  4. Hovdenakk 1988:116; Andersen 1994:132
  5. Andersen 1994 & 1997; 1997:133
  6. Andersen 1994:15-29
  7. Andersen 1994:38.
  8. Andersen 1994:41-42
  9. Andersen 1994:44, 46
  10. Andersen 1994:65-66
  11. Andersen 1994:98
  12. Andersen 1994:132-133, 136
  13. Andersen 1994:141-148
  14. Andersen 1974:175-176
  15. Andersen 1994:180; 205-206
  16. Lucie-Smith 2000:66-67
  17. Hovdenakk 1988; boka, som er skrive for ei utstilling, inneheld reproduksjonar og summariske biografiar, òg for Asger Jorn. Sjå dessutan Silkeborg Kunstmuseum - Asger Jorns samling
  18. Andersen 1997:234-238
  19. - Asger Jorns gave

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Andersen, Troels. 1994. Asger Jorn : En biografi : Årene 1914-53. Copenhagen Valby: Borgens Forlag. ISBN 87-21-00012-3
  • Andersen, Troels. 1997. Asger Jorn : En biografi : Årene 1953-73. Copenhagen Valby: Borgens Forlag. ISBN 87-21-00737-3
  • Hovdenakk, Per. 1988. Cobra : to forløp. Oslo: Dreyers Forlag. ISBN 82-09-10335-0
  • Lucie-Smith, Edward. 2001. Movements in art since 1945 : new edition. London: Thames & Hudson. ISBN 0-500-20344-X

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]