Asháninkafolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Asháninkafolket (òg nedsettande kalla Campa eller Kampa) er ei urfolkgruppe med territorium i austre Peru og vestre Brasil. Språket deira asháninka er eit arawakspråk.

Namnet har tradisjonelt vore bruka på folk som lever i eit vidt område sørvest i den peruanske delen av regnskogen i Amazonas ved elvane Apurímac, Ene, Perené, Tambo og mindre sideelver på austsida av Cordillera Occidental i Andes.

Språk og folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Storleiken på folkesetnaden er estimert til mellom 25 000 and 55 000 menneske, dei fleste innanfor Peru sine grenser. Asháninka er dermed den største gruppa av innfødde folkegrupper, av 50–65 etniske grupper totalt i peruansk Amazonas. Nasjonen er sett saman av sju undergrupper som lever i meir enn 200 småsamfunn. Namna på fem av undergruppene er cutivireni, perené asheninga, atsiri, nomatsiguenga og caquinteo.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.