Ashanti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ashantifolk)

Ashanti eller asante er ei folkegruppe frå Vest-Afrika. Dei stammar frå Ashanti-regionen i Ghana og tilgrensande område i Togo og Elfenbeinskysten. Folkegruppa telde ca. 1,2 millionar i 1993.[1]

Dei fleste ashantiar snakkar twi, eit akanspråk. Mange snakkar også engelsk. Mange ashantiar er kristne eller muslimar, men den tradisjonelle religionen deira har også ei sterk stilling.[1]

Tradisjonelt er morslinja (matrilinja) den ættelinja som dannar grunnlaget for den sosiale organisasjonen blant ashantiar. Medlemmar av same ættelinje hjelper kvarandre gjerne med større praktiske gjeremål. Farslinja er også anerkjend, og er særleg knytt til moralske og religiøse plikter. Sjølv om ein rekner slektskap gjennom morsætta, er det menn som har sentrale sosiale posisjonar. Eldre menn og kvinner i kvar ættelinje vel ein leiar som blant anna har ansvar for å ta vare på ein ættestol som symboliserer åndene til forfedrene. Det blir også vald ein hovding i kvar landsby med ansvar for å løysa lokale konfliktar.[1]

Ashantiriket var eit vestafrikansk rike som eksisterte frå 1670 til 1957 i store delar av dagens Ghana.

Området der ashantiar tradisjonelt har budd var opphavleg dekt av regnskog og kystvegetasjon, men dette er no i stor grad erstatta av rydda jordbruksland. Ashantiar her dyrkar rotvekstar og andre grønsaker i tillegg til den viktige handelsvara kakao. Det blir også vunne ut tømmer og bauxitt. I tillegg finst ein tradisjon for dyktig handverk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Ashanti». Store norske leksikon. 5. mai 2017. Henta 9. oktober 2018.