Ashes Are Burning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ashes Are Burning
Studioalbum av Renaissance
Utgjeve Oktober 1973
Innspelt April til august 1973
Studio De Lane Lea Studios i Wembley i Storbritannia
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk folk
Lengd 40:39
Selskap Sovereign (Storbritannia)
Sovereign/Capitol (Nord-Amerika)
Sovereign/Harvest (Tyskland)
Regal Zonophone (Italia)
EMI (resten av Europa og Japan)
Produsent Dick Plant og Renaissance
Renaissance-kronologi 
Prologue
(1972)
Ashes Are Burning Turn of the Cards
(1974)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]

Ashes Are Burning er det fjerde studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, gjeve ut i 1973. Det var det første av fleire Renaissance-album med orkester på nokre av songane. Det var det første albumet deira som gjekk inn på den amerikanske albumlista Billboard 200, der det nådde 171. plassen.[2]

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Med Ashes Are Burning gjorde Renaissance eit val om å gå i ei meir akustisk retning, for å skape ein meir vise-aktig stil og skilje seg frå dei meir elektrisk gitar-dominerte banda i det progressive rockemiljøet.[3] Sidan Renaissance på denne tida mangla ein gitarist, spelte bassisten Jon Camp det meste av gitarar på albumet. Michael Dunford, som hadde samarbeidd med Renaissance som komponist, spelte òg akustisk gitar på eit par songar. Han kom seinare med som medlem i bandet, men først etter Ashes Are Burning var utgjeve. Han er derfor ført opp som gjestemusikar.[3]

Det meste av låtskrivinga for albumet vart gjort via post. Dunford sende lydband med ei melodilinje til Betty Thatcher, som skreiv tekstar, og Dunford posta så lydband av seg sjølv som song den ferdige songen til Renaissance, som så laga arrangementa for songen i studio.[3]

Etter å gjort seg klar for å spele inn albumet i De Lane Lea Studios, henta bandet inn Dick Plant, ein lydteknikar, som medprodusent. Bandet var imponert over arbeidet hans på albumet, og brukte han òg som medprodusent på det neste albumet deira.[3]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Songen «Can You Understand?» nyttar eit sitat frå «Tonya and Yuri Arrive at Varykino», eit tema frå musikken til Maurice Jarre for Doctor Zhivago.[4] I følgje David Samuel Barr, ein ven av bandet som skreiv notata i omslaget til samleplata Tales of 1001 Nights, hadde Dunford tenkt at denne melodien var ein russisk folketone som var i offentleg eige.[5] På grunn av forvirringa kring dette Jarre-sitatet, har somme konsertplater (som Live at the Royal Albert Hall : King Biscuit Flower Hour Vol. 1[6]) feilaktig oppført heile «Can You Understand?» som ein Jarre-song. «Can You Understand?» er òg omtalt av Jon Camp som eit tilfelle der han og John Tout bidrog mykje til komposisjonen utan å bli kredittert for det.[7] Terry Sullivan har stadfesta at introen til «Can You Understand?» vart komponert av Camp og Tout, og ikkje Dunford.[3]

Songen «On the Frontier» vart gjeven ut før (òg i 1973) av bandet til det tidlegare Renaissance-medlemmet Jim McCarty, Shoot. Det var tittelsporet på det einaste albumet deira.[8]

Ein tidleg demoversjon av «Carpet of the Sun», med vokal av Jane Relf, kom ut i 2008 på samlealbumet Jane's Renaissance: The Complete Jane Relf Collection, 1969-1995. Denne inneheld eit vers som ikkje finst i den endelege versjonen, sjølv om det var trykt i plateomslaget til Ashes Are Burning. «Carpet of the Sun» er den einaste Renaissance-songen som er gjeven ut i studioversjon med vokal av både Jane Relf og Annie Haslam.

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

I 1978 vart Ashes Are Burning gjeve ut på ny, i lag med det føregåande albumet Prologue, som eit dobbeltalbum kalla In the Beginning. Medan Prologue var komplett, vart songen «At the Harbour» korta ned til litt over tre minutt. Dette kom av opphavsrettslovene i mellomtida hadde endra seg for somme verk frå tidleg på 1900-talet, inkludert Claude Debussy sitt La cathédrale engloutie, som det finst utdrag av i byrjinga og slutten av den fulle versjonen av «At the Harbour».[9] CD-utgåva frå 1988 av In the Beginning (på ei plate) hadde forkorta versjonar av denne songen, men òg av songen «Ashes Are Burning» og ein av songane på Prologue.[10] CD-utgåvene av Ashes Are Burning frå tidleg på 1990-talet inneheld den fulle versjonen av «At the Harbour». Albumet kom òg ut på CD på Repertoire Records i 1995. I 2019 kom albumet på ny ut med ommastra lyd og bonusspor på Esoteric Recordings.[11]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Michael Dunford and Betty Thatcher, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Can You Understand?» 9:51
2.«Let It Grow» 4:14
3.«On the Frontier»Jim McCarty, Thatcher4:55
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Carpet of the Sun»3:31
5.«At the Harbour»6:48
6.«Ashes Are Burning»11:20
Bonusspor på 2019-utgåva - spelt inn 3. januar 1974 i Paris Theatre i London
Nr.TittelLengd
7.«Can You Understand» (BBC Radio One «In Concert») 
8.«Let it Grow» (BBC Radio One «In Concert») 
9.«Ashes are Burning» (BBC Radio One «In Concert») 

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Renaissance
  • Annie Haslam – solo- og korvokal
  • John Tout – klaverinstrument, korvokal
  • Jon Camp (oppført som «John Camp») – bass, elektrisk og akustisk gitar, solovokal på spor 3, korvokal
  • Terence Sullivan – trommer, korvokal, perkusjon
Andre medverkande
  • Michael Dunford – akustisk gitar
  • Andy Powell – elektrisk gitarsolo på spor 6
  • Richard Hewson – strykararrangement på spor 1 og 4
Produksjon
  • Dick Plant – produsent, lydteknikar
  • Richard Goldblatt – assisterande lydteknikar
  • Hipgnosis – plateomslag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «Renaissance – Ashes Are Burning review». AllMusic. Henta 7. april 2020. 
  2. «Ashes Are Burning Billboard Albums». AllMusic. Henta 7. april 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Dome, Malcolm (2019). Ashes Are Burning (Booklet). Renaissance. Cherry Red Records Ltd. s. 2–11. 
  4. Amazon.com: «Classical pieces recorded by progressiv rock groups»
  5. «Yahoo Groups». Yahoo!. Henta 8. april 2020. 
  6. Eder, Bruce. «Renaissance – King Biscuit Flower Hour review». AllMusic. Henta 7. april 2020. 
  7. «Jon Camp Interview 2012». Arkivert frå originalen 29. september 2020. Henta 8. april 2020. 
  8. Renaissance Diskografi
  9. Liner notes from the 1990 Tales of 1001 Nights samlealbums
  10. The History Of Renaissance
  11. «Esoteric New Releases». Henta 8. april 2020.