Asitiar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asitiar
Fløyelsasiti, Philepitta castanea og Gulasiti, Philepitta schlegeli Illustrasjon John Gerrard Keulemans, Public domain
Fløyelsasiti, Philepitta castanea og
Gulasiti, Philepitta schlegeli
Illustrasjon John Gerrard Keulemans, Public domain
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Tyranni
Familie: Asitiar Philepittidae
Bowdler, 1870

Asitiar er ein biologisk familie, Philepittidae, av små sporvefuglar. Familien består av fire artar i to slekter, endemiske for Madagaskar. Tidlegare var det vanleg å rekne asitiar nært i slekt med pittaer, det forklarer det vitskaplege namnet på familien. Men ein studie i 1993 la framlegg om at asitiar faktisk berre er ei gruppe innanfor breinebb.[1] Morfologien av syrinx hos asitiar er svært lik den til blåstrupebreinebb i Afrika. IOC World Bird List, versjon 4.3, følgjer framlegget og listar asitiar innfor breinebbfamilien.[2] Clementslista, august 2013, gjev framleis asitiar opp som eigen familie Philepittidae.[3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Fløyelsasiti, Philepitta castanea (hannfugl bak, hofugl til venstre og juvenil i midten)
John Gerrard Keulemans, 1869, Public domain

Asitiar er små skogsfuglar med kjønnsdimorfisme i fjørdrakt og i fargerike hudfaldar rundt auga hos hannfuglar. Desse hudfaldane, som er mest synlege i hekkesesongen, får farga si frå eit utval av kollagenfibre.[4] Denne metoden for pigmentering er unik i dyreriket. Det finst fleire andre eigenskapar hos asitiar som skil dei frå breinebb, har dei tolv halefjør på ekstremt kort hale, og syrinxen deira er omslutta av ein stor bronkial ring, og dei har delte tunger tilpassa nektarføde.[5] Dei har ei lang ytre primærfjør som er sterkt synleg i flukt, moglegvis brukt i signalering under kurtise. Dei to slektene er ganske ulike.

Diett[endre | endre wikiteksten]

Dei vektigaste komponenten i kosten til asitiar er frukt. Eit breitt spekter av ulike frukter går inn i dietten til familien, og dei er blant dei viktigaste frøspreiarar, då det er svært få andre fruktetande fuglar i skogane i Madagaskar. Dei vil òg ta insekt. Artene i Neodrepanis vil ta nektar, men gjer det med ei lang tunge i staden å stikke dei bua nebba sine langt inn i blomar.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Dei som lever i regnskog under den gassiske regntida, byrjar hekkinga rett før regnet i september til november.[5] Fløyelsasiti byrjar litt tidlegare i nordlege delen av området sitt. Dette er einaste asiti der ein har detaljert informasjon tilgjengeleg om hekkebiologi. Han har eit polygynt forplantingssystem, med hannar som held små territorium eller paringsarenaer der dei viser seg for hofuglar. Reirbygging og ruging gjerast utelukkande av hoer. Asitiar byggjer forseggjorde, pæreforma, vove strukturar som hengjer ned frå greiner, og liknar reir gjort av breinebb. Byggjemetoden til asitiar er unik blant fuglar. Dei lagar reirinngangen etter at reiret elles er ferdig ved å trykkje eit hòl gjennom veggen. Det vanlege scenarioet hos andre artar er at kanten av inngangen blir fletta inn i veggen av reiret.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Asitiar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[6]

Slekt Philepitta

  • Fløyelsasiti, Philepitta castanea, Velvet Asity, LC, Müller, 1776[7]
  • Gulasiti, Philepitta schlegeli, Schlegel's Asity, NT, Schlegel, 1875[8]

Slekt Neodrepanis

  • Solfuglasiti, Neodrepanis coruscans, Sunbird Asity, LC, Sharpe, 1875[9]
  • Dvergasiti, Neodrepanis hypoxantha, Yellow-bellied Asity, VU, Salomonsen, 1933[10]

Truslar og vern[endre | endre wikiteksten]

Ein art, dvergasiti, er oppført som sårbar av BirdLife International og IUCN.[10] Det var ein gong rekna å vere ein truga art, og til og med moglegvis utdøydd, men dette skuldast manglar på ornitologiske undersøkingar i det høgtliggande utbreiingsområdet for arten. Seinare forsking har synt at arten er meir talrik enn det ein tidlegare har trudd, men han er enno rekna som truga på grunn av tap av og fragmentering av habitat. Gulasiti vurderast som nær truga, han har ein fragmentert distribusjon, antatt liten bestand og møter press frå menneskeleg aktivitet.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Prum, R. 0. 1993. "Phylogeny, biogeography, and evolution of the broadbills (Eurylaimidae) and asities (Philepittidae) based on morphology Arkivert 2012-02-18 ved Wayback Machine.." Auk '110' (2):304-324.
  2. Gill, F & D Donsker (Eds). 2014. IOC World Bird List (v 4.3). doi : 10.14344/IOC.ML.4.3 [Lest 21. oktober 2014]
  3. 3,0 3,1 Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 21. oktober 2014 
  4. Prum, R. O., Morrison, R. L., and Ten Eyck, G. R. (1994). "Structural color production by constructive reflection from ordered collagen arrays in a bird (Philepitta castanea: Eurylaimidae)". Journal of Morphology '222' (1asity): 61-72. doi:10.1002/jmor.1052220107
  5. 5,0 5,1 Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., red. (2003). «Family Philepittidae (Asities)». Broadbills to Tapaculos. Handbook of the Birds of the World. Band 8. Barcelona: Lynx edicions. s. 94–105. ISBN 84-87334-50-4. 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  7. BirdLife International (2014) Species factsheet: Philepitta castanea Arkivert 2014-10-21 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. oktober 2014
  8. 8,0 8,1 BirdLife International (2014) Species factsheet: Philepitta schlegeli Arkivert 2016-01-03 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. oktober 2014.
  9. BirdLife International (2014) Species factsheet: Neodrepanis coruscans Arkivert 2014-10-21 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. oktober 2014.
  10. 10,0 10,1 BirdLife International (2014) Species factsheet: Neodrepanis hypoxantha. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. oktober 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Asitiar