Asjokasøyle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Asjoka-søylene)
Asjokasøyla ved Vaishali.

Asjokasøyle er ein frittståande søyletype frå Mauryariketdet indiske subkontinentet på 200-talet f.Kr. Dei har namn etter Asjoka den store, som truleg reiste dei og i alle høve stod bak innskrifter på dei. Asjokasøyler har klokkeforma kapitél og lotusblad, og er krona med dyrefigurar, som løver og elefantar. Ei gruppe løver frå ein av søylene dannar utgangspunktet for Det indiske riksvåpenet.

Løver frå asjokasøyla i Sanchi.
Utbreiinga av Asjoka-edikt.[1]
Geografisk utbreiing til asjokasøylene som er funne i India.

Ein kjenner til 19 attverande asjokasøyler, men fleire har eksistert. Berre seks av dei attverande søylene har dyrefigurarar øvst, ettersom avbildingar av dyr kunne vera mål for seinare muslimsk ikonoklasme. Mange av søylene finst berre som fragment.[2] Søylene var typisk 12-15 meter høge, og kunne vega opptil 50 tonn. Dei kunne fraktast hundrevis av kilometer til staden dei blei sett opp på.[3]

Liste over asjokasøyler[endre | endre wikiteksten]

To kinesiske pilgrimar i mellomalderen fortalde om søyler som sidan har forsvunne. Faxian nemner seks og Xuanzang femten. På det meste kan fem av dei kanskje identifiserast med attverande søyler.[4]

Attverande søyler med funnstad, eventuelle dyrefigurar og innskrifter, er:[5][6]

Kapitélar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. India: The Ancient Past, s. 113, Burjor Avari, Routledge, ISBN 0-415-35615-6
  2. Harry Falk, Ashokan Sites and Artefacts: A Source-Book with Bibliography (Mainz am Rhein, 2006).
  3. Ven. S. Dhammika, THE EDICTS OF KING ASHOKA 
  4. Ashoka, Emperor, Edicts of Ashoka, red. N. A. Nikam, Richard P. McKeon, 1978, University of Chicago Press, ISBN 0226586111, 9780226586113, google books, s. 2.
  5. Mahajan V.D. (1960, reprint 2007). Ancient India, S.Chand & Company, New Delhi, ISBN 81-219-0887-6, pp.350-3
  6. Singh, Upinder (2008). A History of Ancient and Early Medieval India: From the Stone Age to the 12th Century. New Delhi: Pearson Education. s. 358. ISBN 978-81-317-1677-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Asjokasøyle
Spire Denne arkitekturartikkelen som har med historie og India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.