Asjura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Unge sjiittiske menn slår seg taktfast på brysta under minneshøgtida i muharram.
Foto: Matam al Gassab, Bahrain, februar 2005

Ásjura eller asjura-dagen er ei religiøs høgtid innan islam som har ulik tyding for sjia- og sunnimuslimar. Sjiaer markerer dagen som dødsdagen til Imam Hussein, ein tidleg leiar og martyr. For sunniar kan dagen markera minnet om Hussein eller fleire andre viktige religiøse hendingar. I følgje sunnitradisjon fasta profeten Muhammed denne dagen.

Asjura (‘den tiande’) fell 10. muharram, og er høgdepunktet på den særleg sjiamuslimske sørgjehøgtida som finn stad denne månaden. Nokre stader er dagen ganske enkelt kjend som «muharram». Asjura er offisiel høgtidsdag i land med større sjiagrupper, som Afghanistan, Bahrain, India, Iran, Irak, Pakistan og Libanon. Fleire stader deltek også folk med annan bakgrunn i markeringa, til dømes i Indonesia, der ho blir kalla tabut eller tabuik, og i Karibia, der ho blir kalla hosay, hossay eller tadjah.

Minnet om Husayn[endre | endre wikiteksten]

Dramatisering av martyriet til Husayn og sonen hans.
Foto: Ahmed Rabea, Bahrain, 2007

For sjiamuslimar og ein del sunnimuslimar er drapet på Husayn ibn Ali det viktigaste minnet knytt til dagen. Husayn og ei rekkje følgjesvener fall i slaget ved Karbala i år 680, Hedjra-året 61, for styrkane til kalif Yazid I. I følgje tradisjonen blei 72 menneske drepne, blant dei heile familien til Husayn.

Indonesarar med tabut på 1910-talet.

10-12 dagar av muharram blir gjerne brukte til faste, sørgjemøte, preiker, opptog og dramatiseringar av endeliktet. Moskear og private kan halda minnemåltid (niazz) som er opne for alle. Ein kler seg til sorg og unngår gledesutbrot som bryllaup, festar eller musikk. Ein kan derimot bruka trommer, trompetar og liknande i minneopptoga for Husayn. Gråt, ropa «Ya Husayn!» og «Ya Hassan!» (bror hans) og flagg, faner eller minnealtar til Husayn preger opptoga.

Minnealtera, ofte forma som små mausoleum eller moskéar, kan lagast svært imponerande. Desse er kjende som taziya i India, tabuik i Indonesia og tadjah i Karibia. Desse strukturane blir gjerne gravlagde eller kasta i havet etter at dei har blitt bore i opptog under minnehøgtida.

Unge menn slår seg med blad og kjetting Pakistan.

Ein oppsiktsvekkande måte å markera dagen på er gjennom ulike former for sjølvpining, som pisking eller å skjera seg til blods for å gå gjennom nokre av dei same pinslene som Husayn og følgjet hans. Skikken er omstridd, og fleire sjiamuslimske leiarar har gått ut mot han. Eit alternativ er å gje blod.

Sunnitradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Fleire sunniar minnest Husayn som ein martyr, men det finst også andre tradisjonar for at asjura skal vera heilag.

Fasta skal mellom anna minnast at Moses leidde jødane gjennom Raudehavet og berga dei frå det egyptiske fangenskapet. I følgje ulike hadithar skal Muhammed ha anbefalt ein å fasta på denne dagen, men ikkje påbode det. Fasta blir også sett i samanheng med ei jødisk høgtid, truleg jom kippur. For å skilja seg frå ikkje-muslimske markeringa faster ein gjerne to dagar i stden for ein.

Ein dessert laga av kveite, rosevatn, rosiner og diverse anna blir laga og eten i Egypt og Tyrkia under asjura. I Tyrkia er retten kjend som Noah-pudding, som skal vera til minne om at Noah kunne forlata arken sin etter syndfloda.

Andre hendingar som er blitt knytte til asjura er at Gud miskunna seg over Adam, Abraham blei berga frå elden til Nebukadnesar, Jakob fekk tilbake synet, Josef blei berga frå brunnen, Salomo blei konge, Jonas folk blei ikkje lenger straffa, plagene til Job tok slutt og at Johannes blei fødd som svar på foreldra sine bøner. Desse tradisjonane blei samla av Al-Biruni (973–1048).

Tilknytting til konflikt og politikk[endre | endre wikiteksten]

Asjura har vore knytt til fleire politiske demonstrasjonar der ulike undertrykkarar er blitt samanlikna med fiendane til Imam Husayn, umayyadeherskarane. Både den persiske grunnlovsrevolusjonen (1905–11) og gjennom opptakta til den iranske revolusjonen (1978-79) blei høgtida brukt mot styresmaktene. Også i samband med det omstridde presidentvalet i Iran i 2009 blei det demonstrert under asjura.

Fleire gonger har styresmakter prøvd forby høgtida, frå britiske kolonistyresmakter i Trinidad og Tobago, der 22 menneske blei drepne i 1884 etter å ha forsøkt feira høgtida trass forbod; Reza Shah i Iran på 1930-talet, og Saddam Hussein i Irak.

Gjennom tidene har menneske som markerer asjura også blitt utsette for fleire bombeåtak. I 1994 drap ei bombe minst 25 i Mashhad i Iran, i 2004 førte ni eksplosjonar til 178 drepne og fleire hundretals skadde i Karbala i Irak og i 2009 blei fleire titals drepne i Karachi i Pakistan.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Asjura

Kjelder[endre | endre wikiteksten]