AskAdam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
AskAdam var lokalisert på Mjømna
Foto: Bjarne Thune

AskADAM var ei norsk SMS-teneste for oppslag i Wikipedia og andre lukka og opne innhaldstenester. Om tenesta fekk eit spørsmål innsendt på SMS, ville ho leite etter treff i Wikipedia eller ei anna fritekstbasert teneste, og svare på spørsmålet ved å returnere tekst frå starten av artikkelen, etter at teksten var reformatert og tilpassa SMS-tenesta i mobilnettet. Det var også mogleg å gjere oppslag på personnamn for å få telefonnummer. Tenesta var også lagt tilrette for assisterte søk, slik at om brukarane spurde, og det underliggjande systemet feila, ville det om nødvendig bli skrive inn manuelle svar. Brukarane kunne også registrere kva språk og målform dei føretrekte frå tenesta.

Då tenesta vart introdusert, var ho avgrensa til Wikipedia på bokmål og berre innanfor Noreg.[1][2] Sidan er tenesta suksessivt blitt utvida, både i tenester og i geografisk dekning. Selskapet som leverte tenesta AskAdam i Noreg, leverte tilsvarande søkjetenester i Sverige (RAKEL) og i Danmark (1998).[3] Namna på tenesta vert tilpassa slik at bokstavane høver med plasseringa av bokstavar på eit telefontastatur.[4]

Selskapet bak tenesta fekk fleire prisar. NHO Sogn og Fjordane gav selskapet Nyskapingsprisen 2010.[5][6] Sogn og Fjordane sin Gründerpris for ungdom gjekk i 2009 til selskapet.[7][8][9]

Askadam var etablert som eit aksjeselskap og heldt til på Mjømna i Gulen kommune. Tenesta vart i sin heilskap nedlagd 1. oktober 2016.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Digi: Wikipedia rett i lomma, arkivert frå originalen 6. juni 2009, henta 2. januar 2009 
  2. Firda: Big Ben? Ring Adam i Gulen
  3. e-Match: AskAdam AS
  4. Mobilen.no: Vi spør Adam
  5. Strilen: Ny pris til Mjømna, arkivert frå originalen 4. juli 2010, henta 2. november 2010 
  6. NRK Sogn og Fjordane: Får NHO-pris for nyskaping
  7. Fremtidsfylket: Gründerpris til AskAdam i Gulen, arkivert frå originalen 28. mai 2014, henta 2. november 2010 
  8. Nordhordaland: Gründerpris til Ask Adam
  9. NRK Sogn og Fjordane: Fekk gründer-pris for SMS-teneste
  10. AskADAMs heimeside, som vist 8. november 2016 (arkivert side). Henta 8. november 2016.