Ask kyrkje
| Ask kyrkje | |||
| kyrkje | |||
Foto: J.P. Fagerback | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Askøy | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Bjørgvin | ||
| Prosti | Vesthordland | ||
| Sokn | Ask | ||
| Fellesråd | Askøy | ||
| Arkitekt | Hartvig Sverdrup Eckhoff | ||
| Teknikk | Lafteverk (tårn i bindingsverk) | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 8. oktober 1908 | ||
| • Endringar | Rest. 1954–55 ved Torgeir Alvsaker | ||
| Tårn | I søraust | ||
| Kor | Polygonalt avslutta | ||
| Klokker | 1, O. Olsen & Søn (1908) | ||
| Kyrkjegard | Ja | ||
| Preikestol | (1908) | ||
| Døypefont | (1954) | ||
| Altartavle | Julius Holck (1908) e. Marcus Grønvold | ||
| Orgel | Olsen & Jørgensen 1914 (frå Strusshamn 1964) | ||
| Sitjeplassar | 275 | ||
| Diverse | Glasmåleri (Peter og Paulus) av G. Rognaldsen (1933) | ||
![]() Ask kyrkje 60°28′37″N 5°12′45″E / 60.47690389°N 5.212455°E | |||
| Wikimedia Commons: Ask kirke | |||
Ask kyrkje er ei langkyrkje i Askøy kommune i Vestland fylke. Ho vart vigsla 8. oktober 1908 og restaurert i 1954–55. Skipet, koret og sakristia er i lafteverk, medan tårnet er i bindingsverk. Orienteringa er frå søraust mot nordvest.
Interiør og inventar
[endre | endre wikiteksten]Altartavla har eit bilete av Jesus i bøn, måla i kopi etter altartavla i Johanneskyrkja i Bergen. I to korvindauge er glasmåleri av Peter og Paulus. Desse er laga av firmaet Rognaldsen i Bergen. Preikestolen er på alder med kyrkja, men vart flytta til nordvestveggen i skipet i 1954–55 (med oppgang gjennom veggen frå sakristiet). Den opphavelege døypefonten var «berre eit simpelt stativ»[1], og kyrkja fekk ny døypefont i 1954. Han er teikna av Torgeir Alvsaker. Orgelet (Olsen & Jørgensen, 1914) kom frå Strusshamn kyrkje i 1964. Kyrkjeklokka er støypt av O. Olsen & Søn.
Kyrkjegard
[endre | endre wikiteksten]Kyrkja står i det nordre hjørnet av den delvis terraserte kyrkjegarden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Anne Marta Hoff: Ask kyrkje (i «Norges kirker»)
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Clausen iflg. «Norges kirker»
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tor Dag Kjosavik (2008). Ask kirke 100 år. 1908–2008. Askøy. ISBN 978-82-997485-1-3.
- Clausen, Fluge og Skeie (1958). Ask kapell i femti år 1908–1958. Bergen.
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Ask kirke, Askøy». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 379. ISBN 82-75-27022-7.
- «Ask kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Ask kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Tor Dag Kjosavik: «Ask kirke 100 år», i a:men Askøy menighetsnytt Arkivert 2018-08-22 ved Wayback Machine. nr. 4/2008, s. 4–5
- DIS Norge Arkivert 2018-08-22 ved Wayback Machine. om Ask kyrkje
- Ask kyrkjelyd
