Asker Museum, Valstads samlinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den gamle Fusdallåven, som opphavleg stod i nærleiken av Asker sentrum, vart oppattbygd på Asker museum i 1991. Innanfor den nye grunnmuren som denne gamle løa vart sett opp på, vart det bygd lokale for mellom anna utstillingar, kafeteria og museumsadministrasjonen. Denne kombinasjonen av gamalt og nytt vart sterkt omdiskutert og kritisert i si tid.

Asker museum, Valstads samlinger er eit kulturhistorisk museum i Hvalstaddalen, og kalla Kunstnerdalen, på Hvalstad i Asker kommune, og med avdelingar andre stader i kommunen. Museet er ei avdeling i Akershusmuseet.

Museet har opphav og grunnlag i eit gåvebrev dagsett 9. juni 1949 frå Tilla og Otto Valstad til Asker kommune. Med dette overdrog dei til kommunen eigedomen deira, Øvre Hvalstad, med alt som her var av bygningar, inventar, reiskapar og kunst, alt i alt ei samling på meir enn 3000 gjenstandar som dei hadde samla, inklusive hus dei hadde flytta til eigedomen frå både lokalområdet og frå andre stader i landet. Vilkåret for gåva, som vart gjeve til minne om foreldra til Otto Valstad, var mellom anna at dette skulle verte eit kulturhistorisk museum, og at eigedomen aldri skulle seljast.

Ei gamal løe frå Fusdal på Asker vart i 1991 bygd opp att på museumsområdet på ei ny underetasje i natursteinsmur som skulle etterlikne den grunnmuren løa hadde hatt, og her vart det innreidd utstillingslokale, kafé, museumsbutikk, verkstad, magasin og kontor for museet. Denne løysinga med å blanda gamalt og nytt, vart særs omdiskutert i si tid.

Til den store eigedomen høyrer ein hage i barokkliknande stil med sjeldsynte vekstar, fontene, dyreskulpturar av skulptøren Anne Grimdalen og fint smijarnsarbeid.

Avdelingar utanfor sjølve museet[endre | endre wikiteksten]

Asker museum har etter kvart fått ansvaret for andre verneverdige bygningar og anlegg i Asker kommune. Til museet høyrer soleis Labråten, huset som Hulda og Arne Garborg eigde og budde i; Sem sag og Høvleri på Sem i nærleiken av Semsvannet; Albert Seheims verkstad, som òg ligg på Sem; Skolemuseet på Jansløkka; Strandsitterhuset på Konglungen og Kystkultursentret i Vollen.

  • Labråten var heimen til ekteparet Hulda og Arne Garborg frå 1897 til 1934. Det har vore gjort få endringar der etter deira tid. Asker kommune kjøpte eigedomen av arvingane våren 1995, og huset er no ope for publikum for omvising.
  • Sem Sag og Høvleri er ei gamal verksemd attmed Askerelva rett nedanfor Semsvannet, og vart i si tid drive av elvevatnet. Asker kommunestyret vedtok i 1985 å verne bygningen og inventaret, og etter dette er saga og høvleriet vorte ei avdeling av Asker Museum.
  • Albert Seheims Verksted ligg på den andre sida av elva rett overfor Sem Sag, og er ein gamal, komplett ski- og hjulmakarverkstad som òg henta drivkrafta frå Askerelva. På verkstaden laga Albert Seheim (1887-1979) mellom anna heile vogner, tømmerdoningar og ski, og han reparerte reiskap og skodde hestar. Maskinene i verkstaden har Albert Seheim laga sjølv.
  • Kystkultursenteret i Vollen held til i den såkalla Selvik-villaen i Vollen. Huset vart bygd i 1881 som landstad for familien Øhlckers. I 1994 vart hovudbygningen og sidebygningen restaurerte, og er no museum med utstillingar. Ved hjelp av modellar, tekst og bilete vert soga om staden Vollen skildra, med hovudvekta lagt på perioden frå 1870 til 1950. Temaet for den kulturhistoriske utstillinga er båtbygginga, jaktfarten, handelen, fisket, skjeringa av isblokkar vinterstid for utskiping, hagebruket og feriegjestane. Ein kjeglebane frå Mellom-Nes på Nesbru, bygd om lag 1919, er flytta til hagen kring Selvik-villaen, og kan nyttast av publikum ved å take kontakt med personalet i Selvik-villaen. Det er òg ein kafé i villaen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]