Asker Turlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Asker Turlag er eit lokallag av Den Norske Turistforening. Asker Turlag vart stifta 29. mars 2006Venskaben i Asker som det fyrste av dei lokale turlaga i Den Norske Turistforening (DNT), Oslo og Omegn. Alle medlemmane i DNT Oslo og Omegn er automatisk medlem i Asker Turlag dersom de bur i Asker kommune og ikkje reserverer seg mot å vere medlem i turlaget. Asker Turlag har 5259 medlemar (2016).

Til liks med Den Norske Turistforening (DNT) Oslo og Omegn, har Asker Turlag som eit sentralt mål å få så mange som mogleg ut på tur i naturen, og tek sikte på å skape miljø for eit enkelt friluftsliv der born, ungdom og vaksne kan trivast. Laget legg til rette for dette ved å etablere, halde ved like og skilte blåmerkte turstigar i sitt område av Oslomarka, som er dei to skogs- og utmarksområda Vestmarka og Kjekstadmarka, og har dessuten lagt mykje arbeid i etableringa av ein kyststig (gang- og sykkeltrasé) langs Oslofjordkysten av Asker kommune. Dessutan tek turlaget seg av drift og vedlikehald av dei to hyttene DNT Oslo og Omegn eig i Asker kommune, Hovdehytta og Småvannsbu, og bruker dei til ulike arrangement. Turlaget er òg med på å arrangere den årlege turorienteringa Askeladden, som Asker Skiklubb sette i gang med i 1966. Og ikkje minst skipar laget til fellesturar i lokalområda og utanfor, framfor alt i slike område som kan nåast innan ein times reise frå Asker.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Internettsida for Asker Turlag