Asker gamle kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mellomalderkyrkja som stod der Asker kyrkje står no. Illustrasjon frå boka "Norge, fremstillet i lithographerede Billeder efter Naturen" av Peter Frederik Wergmann.

Asker gamle kyrkje i noverande Asker kommune var ei steinkyrkje frå mellomalderen (1100-talet), vigsla til den heilage Maria, den heilage Fabian og den heilage Sebastian «in vigilia Andree», vigslingsdag 29. november. Kyrkja brann 3. mars 1878. Dei metertjukke steinmurane som stod att, vart deretter rivne, og kyrkja vart erstatta med den noverande teglsteinskyrkja, Asker kyrkje, som vart reist på same tufta og vigsla i 1879.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Den nedbrunne mellomalderkyrkja er kjend frå fotografi og teikningar frå 1800-åra, og omrisset av ho er dessutan lagt inn på ei planteikning frå 1860 over kyrkjegarden. Ifølgje planen var skipet om lag 17,35 meter langt og 12,5 meter breitt, koret om lag 6,5 meter langt og cirka 8 meter breitt, sakristiet om lag 5,2 meter langt og 6,2 meter breitt og våpenhuset i vest om lag 3,8 meter langt og cirka 4,6 meter breitt. Midt på mønet av skipet sat ein takryttar (eit lite tårn) med høg hjelm. Kyrkja hadde soleis eit rektangulært skip og eit smalare (og lågare) kor, som hadde ein rett endevegg i aust. Koret hadde eit vindauge mot sør og skipet to, og i både skip og kor var det ein portal mot sør. Desse lutene av kyrkjebygningen samsvarte truleg med den opphavlege utforminga, sjølv om kyrkja har vorte reparert og fått tilføyingar opp gjennom åra. I skipet var det òg ein portal mot vest med våpenhuset framføre.

Interiøret i kyrkja er det få opplysningar om. I ein artikkel i Skilling-magasinet i 1849 vert det sagt om veggmåleri i kyrkja: «at dømme etter de i dens Indre værende Malerier maa være meget gammel». Desse måleria må ha vorte overkalka seinare, for ifølgje ei opplysning frå Otto Valstad vart det raud, svart og blå farge under kalkpussen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar med at Asker gamle kyrkje vart bygd på 1100-talet. Ein stor reparasjon av kyrkja vart gjort i 1377, og av rekneskapar frå 1620-åra går det òg fram at store reparasjonar vart gjorde i desse tidene. I 1705 vart sakristiet i mur føydd til aust for koret, med eit gravkammer i kjellaren med steinkvelv over.

Askerkyrkja vart kjøpt i 1723 av krigsprokurator Knud Boesen saman med annekskyrkjene Tanum og Haslum, som er to mellomalderkyrkjer i noverande Bærum kommune som framleis står. Johan Friederich Larsen kjøpte kyrkjene i 1753, og overdrog dei ti år seinare til Morten Leuch. Enka etter han, Mathia Collett, selde dei i 1775 til Peder Anker, som skulle verte hennar svoger. Dottera til statsminister Peder Anker, Karen C. A. Wedel Jarlsberg, selde kyrkjene til kommunen i 1847.

Gravhaugane frå førhistorisk tid i området kring Asker kyrkje[endre | endre wikiteksten]

I notidas opne landskap med dyrka mark og lauvskog som kyrkja låg i, har det vorte registrert ti lokalitetar med godt markerte gravhaugar, (rundhaugar) frå jarnalderen. Valet av staden for mellomalderkyrkja, som kan ha etterfølgt ei stavkyrkje (kyrkje bygd i tre), må sjåast i samanheng med desse gravhaugane, ettersom det er vanleg både i Noreg og andre land at det ligg førkristne (heidne) graver attmed eller i nærleiken av mellomalderkyrkjer, eller der det har stått mellomalderkyrkjer. Det har soleis vore eit religiøst sentrum i dette området i førkristen tid òg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]