Asker og Bærum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Asker og Bærum er eit tradisjonelt distrikt i Osloregionen i Noreg som omfattar bygdene Asker (eller Askerbygda) og Bærum, vest og sørvest for Oslo. Distriktet fell saman med og er ei moderne vidareføring av det historiske Asker prestegjeld.

Asker og Bærum var ein av tre regionar i Akershus fylke. Denne regionen, og kalla «Vestregionen», er skild frå resten av Akershus fylke av fylket Oslo og av Indre Oslofjord. Dei andre to regionane i Akershus fylke var Romerike (som femnar om Øvre Romerike og Nedre Romerike) og Follo aust og sør for Oslo.

Samansettinga Asker og Bærum vert nytta i namnet på fleire statlege organ som har denne regionen som sitt arbeids- og ansvarsområde, som Asker og Bærum politidistrikt, Asker og Bærum tingrett, og det same gjeld for organisasjonar og verksemder som har regionen som sitt arbeidsområde, som til dømes Asker og Bærum Historielag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]